Næringsliv | 07. okt. 2009

Vellukka morgonfiske

Hargun er på NVG-silda i Lofoten. Etter ei noko mager natt halte dei overraskande inn ein millionfangst.

Vellukka morgonfiske
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. okt. 2009 10:37

Bildeserie:

1 av 6

I september i fjor gjorde ringnotbåten "Hargun" frå Os eit rekordkast på 1150 tonn NVG-sild. Fem millionar kroner i norsk vårgytande sild blei levert til Lofoten Viking på Værøy.

Måndag var dei ikkje langt unna same volum på same type sild.

- Vi hadde tre kast natt til måndag, på til saman 300 tonn. Vi prøvde oss på eit fjerde rett før det byrja å lysna, og då fekk vi 900 tonn, fortel ein nøgd Hargun-skipper, Rune Garvik, til Midtsiden.no.

Nå lyset kjem forsvinn silda i djupet, men Hargun var akkurat tidleg nok til å sørgja for ein totalfangst på 1200 tonn denne natta.

Meir på kvoten
Hargun har vore på to turar på NVG-silda tidlegare i haust. Den første turen tok dei cirka 700 tonn, førre tur blei det 1093 tonn.

- Vi tok også noko tidlegare, så av kvota på 7200 tonn har vi rundt 1500 tonn igjen å fiska, fortel Garvik.

Makrell først
Før fiskarane frå Søre Øyane prøver å fiska opp meir sild tar dei turen sørover for å fiska resten av makrellkvota.

- Makrellen står langt vest i år, og som kjent har EU stengt sona for norske fiskarar. Dette er eit avtalebrot, og eit møte mellom europeiske og norske politikarar i London torsdag kan få følgjer for fisket vårt dei neste dagane.

Førebels legg Hargun seg i den norske sona, men dei er førebudd på å fiska i EU-sona om det blir opna igjen. Hargun har 660 tonn igjen av kvota på 1800 tonn.

Ute til desember
Går makrellfisket unna i venta tempo skal Hargun til Lofoten igjen for å fiska meir sild.

- Etter dette ventar hestmakrell, og eventuelt fiske på neste års kvote. Vi kjem nok ikkje heim igjen før første veka i desember.

Nye reglar gjer at ein kan fiska 10 prosent av neste års kvote. Klarar du ikkje kvota kan du også skyva 10 prosent av årets kvote over på neste år.

- I fjor fiska vi nokre tonn NVG-sild på årets kvote. Går det bra med resten av fisket kan det godt henda at vi gjer det same i år òg, seier Rune Garvik.

Under kan du sjå fleire bilde frå det gode kastet måndag morgon:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.