- 22. okt. 2016

Vellykka bokslepp med båtutstilling

Oselvarboka omsette for 40.000 kroner i Bergen torsdag. I dag blei den lansert i Os.

Forfattar Kjell Magnus Økland signerer den nye boka «Oselvar - den levande båten» på Os i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. okt. 2016 11:45

Bildeserie:

Finn Totland (t.v.) med vekslepengar i ausefat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fint vêr og god stemning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ni båtar i utstilling. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Seksæring med motor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gokstadfæringen (890 e. Kr.). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Halsnøybåten (335 e.Kr). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Halsnøybåten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Folksamt ved rådhuset før foredraget startar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Finn Totland (t.v.) med vekslepengar i ausefat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fint vêr og god stemning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Torsdag blei boka om oselvaren lansert på Fisketorget i Bergen.

Les òg: Storstilt slep(p) for boka «Oselvar - den levande båten»

401 har førehandsbestilt boka, 65 av desse kom for å henta med autograf torsdag.

I tillegg blei det selt 80 bøker til nye kundar under lanseringa i Bergen torsdag ettermiddag.

Stjerna i showet

– Vi er veldig nøgd med både sleppet og slepet, seier forfattar Kjell Magnus Økland.

Han slepte sjølv ei forsegla bok, montert på toppen av ei fiskekiste, inn Vågen i Bergen. Då sto det tett med folk i ein hestesko, frå Fisketorget til Zachen.

– Å ha båtar utstilt under sleppet var ein god idé, eg såg folk koma vandrande i eigne tankar, tydelegvis ikkje på veg til boklansering, men dei stoppa opp då dei såg båtane. Det er oselvaren som er stjerna i showet.

Sjølv stilte han med både skodespel og song under sleppet i Bergen.

«Hva skal du ha for lyren din, stril», frå Hellemyrsfolket, blei til «hva skal du ha for boka di, stril». Det var diktlesing, «Vinter i naustet» av tysnesing Anders Bakke, og låta «Segla heim», om ein som truleg var i Os og ville stela ein båt for å segla heim til Gudeøya som oselvar-forfattaren kjem frå.

Utstilling og foredrag

Med seg i utstillinga, som òg står under boksleppet på Os i dag, er óg Johannes G. Eide sin versjon av Halsnøybåten, bygd av Knut Sørnes, rekonstruksjon av funn 335 e. Kr (!) - og Gokstadfæringen, bygd av Svein Erik Øya for Ivar Otto Myhre, rekonstruksjon av funn 890 e. Kr.

Boksleppet og utstillinga har hatt godt besøk frå start i 12-tida. Klokka 14 i dag held forfattaren foredrag i kommunestyresalen.

Det var ikkje plass til alle og folk som måtte nøya seg med ståplass då 160-200 kom om bord i ferja Showtime under foredraget i Bergen for to dagar sidan.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.