Spelarane på Vågshaugen City jublar etter å ha vunne finalen i herrar elite. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)

Vellykka comeback

Resultat: Laurdag var det tid for sluttspel i MidtsidenCup. I elitegruppa blei det eit vellykka comeback.

Av: Kari M. Lyssand

Vêrgudane var ikkje med laga som laurdag spelte sluttspel i MidtsidenCup 2013. Det stoppa ikkje spelarane, som gav alt for å koma seg til finale og vinna cupen.

Slo krigarane 

I dameklassen møttes Warriors og Soft Guns i ein spanande semifinale som enda 3-4 etter straffekonk. I den andre semifinalen var det Klæss of '96 som kjempa mot No name, No Fame og i den kampen var det sistnevnte som var best og vann 1-3.

I finalen for damer starta No Name, No Fame med eit mål mot seg, men det var ikkje eit hinder for jentene som til slutt vann 1-3 over Warriors.

Beista var best

I semifinalen i amatørklassen for herrar klarte ikkje Ungdomkilden IL å stå i mot Ex Søre Neset som vann 0-3, medan Beast from East vann ein klar plass i finalen med 5-1 siger over 1-2.

I finalen blei beista frå aust for sterke for Ex Søre Neset og Beast from East vann til slutt 0-1.

Vann på straffe

I eliteklassen for herrar blei det gjensyn med Vågshaugen City som vann cupen for nokre år sidan, men i fjor deltok dei ikkje. Vågshaugen City kom seg heilt til finalen der dei spela mot 2. plass frå fjorårets cup FIFA.

FIFA byrja med eit mål mot seg, men gjengen frå Vågshaugen utlikna og kampen blei avgjort med straffer. Det enda med 3-4 siger til Vågshaugen City og 2. plass atter ein gang for FIFA.

(Bildeserie frå kampane laurdag kjem)

Resultatliste laurdag:

Mellomspel HERRAR ELITE + Kvartfinale DAME
Vågshaugen City - Dusjkameratane 4-3
Stutolini - Boingklubben -1-0
The Røttingens - The Warriors 0-3
Fortsatt litt gufs - No Name, No Fame 1-7

Kvartfinalar AMATØR
FC Beken - Ungdomskilden IL 0-1
B-gjengen - Ex Søre Neset 1-7
Beast from East - Dans på Grasdal 5-4
Os Maskinering - 1-2 1-9

Semifinale DAMER + mellomspel AMATØR
Soft Guns - Warriors 3-4 (etter straffe)
Klæss of '96 - No Name, No Fame 1-3
FIFA - Boingklubben 1-0
Fcing Wankers - Vågshaugen City 1-1

Semifinalar AMATØR
Ungdomskilden IL - Ex Søre Neset 0-3
Beast from East - 1-2 5-1

Herrar ELITE, puljespel
Fcing Wankers - Dusjkameratane 1-2
FIFA - Stutolini 3-1

Finale DAMER + AMATØR
Warriors - No Name, No Fame 1-3
Ex Søre Neset - Beast from East 0-1

Semi ELITE
Vågshaugen City - Stutolini 4-1
FIFA - Boingklubben 2-0

Finale ELITE
FIFA - Vågshaugen City 3-4 (etter straffe)

Fleire saker