Sport | 03. nov. 2019

Vellykka cup for gatelaga

Bildeserie: Jubel og smerte då fem lag barka saman på Kuventræ.

Vellykka cup for gatelaga
Dan jubla etter frekk skåring for Os mot sterke Fredrikstad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. nov. 2019 08:59

Bildeserie:

Lagleiar og initiativtakar, Tor Arne Hitland. (Foto: KVB)
Lagleiar og initiativtakar, Tor Arne Hitland. (Foto: KVB)
Morten, Kristin, Svanhild og Kenneth klar for pleie og omsorg. (Foto: KVB)
Morten, Kristin, Svanhild og Kenneth klar for pleie og omsorg. (Foto: KVB)
John stilte som kampvert, og tok ansvar for å rigga Kuventræ stadion for cup. (Foto: KVB)
John stilte som kampvert, og tok ansvar for å rigga Kuventræ stadion for cup. (Foto: KVB)
Så var det til å ta imot gjestane. (Foto: KVB)
Så var det til å ta imot gjestane. (Foto: KVB)
Offisiell opning. (Foto: KVB)
Offisiell opning. (Foto: KVB)
Tale og sjekk frå Søviknes. (Foto: KVB)
Tale og sjekk frå Søviknes. (Foto: KVB)
Tommy frå Brann sneik seg til eit foto med Os-ordføraren. (Foto: KVB)
Tommy frå Brann sneik seg til eit foto med Os-ordføraren. (Foto: KVB)
Erlend Hanstveit fekk ein prat med Vartun-sjef Arve Frostad. (Foto: KVB)
Erlend Hanstveit fekk ein prat med Vartun-sjef Arve Frostad. (Foto: KVB)
Tore Kleppe kommenterte to kampar om gangen, cupen gjennom. (Foto: KVB)
Tore Kleppe kommenterte to kampar om gangen, cupen gjennom. (Foto: KVB)
Endre Brenne henta kaptein-bind til Ole. Klart for cup! (Foto: KVB)
Endre Brenne henta kaptein-bind til Ole. Klart for cup! (Foto: KVB)
Forsvarsklippa fekk laget fram på banen. (Foto: KVB)
Forsvarsklippa fekk laget fram på banen. (Foto: KVB)
På nabobanen fekk Fredrikstad ein tøff start mot Frelsesarmeen Bergen. (Foto: KVB)
På nabobanen fekk Fredrikstad ein tøff start mot Frelsesarmeen Bergen. (Foto: KVB)
Hugo vann ballen på midten, rusha fram og la på til 2-0. (Foto: KVB)
Hugo vann ballen på midten, rusha fram og la på til 2-0. (Foto: KVB)
Feira kan han òg! (Foto: KVB)
Feira kan han òg! (Foto: KVB)
Men Fredrikstad henta seg inn igjen. (Foto: KVB)
Men Fredrikstad henta seg inn igjen. (Foto: KVB)
Torstein fekk fleire skot og innlegg mot Stord. (Foto: KVB)
Torstein fekk fleire skot og innlegg mot Stord. (Foto: KVB)
Men ballen ville ikkje i mål. (Foto: KVB)
Men ballen ville ikkje i mål. (Foto: KVB)
Stord forsvarte seg godt. (Foto: KVB)
Stord forsvarte seg godt. (Foto: KVB)
Det gorde Os òg, men fekk tre mål imot. (Foto: KVB)
Det gorde Os òg, men fekk tre mål imot. (Foto: KVB)
Fredrkstad utlikna, kampen enda 2-2. (Foto: KVB)
Fredrkstad utlikna, kampen enda 2-2. (Foto: KVB)
Brann. (Foto: KVB)
Brann. (Foto: KVB)
Fredrikstad. (Foto: KVB)
Fredrikstad. (Foto: KVB)
Frelsesarmeen Bergen. (Foto: KVB)
Frelsesarmeen Bergen. (Foto: KVB)
Friskt Alternativ Stord (Frelsesarmeen Stord). (Foto: KVB)
Friskt Alternativ Stord (Frelsesarmeen Stord). (Foto: KVB)
Os. (Foto: KVB)
Os. (Foto: KVB)
Arnt fekk det travelt, men sto godt mot Fredrikstad. (Foto: KVB)
Arnt fekk det travelt, men sto godt mot Fredrikstad. (Foto: KVB)
Også på banen blei det kjempa hardt. (Foto: KVB)
Også på banen blei det kjempa hardt. (Foto: KVB)
Superderby mellom Brann og Frelsesarmeen i Bergen. (Foto: KVB)
Superderby mellom Brann og Frelsesarmeen i Bergen. (Foto: KVB)
To brør i kvar sitt mål. (Foto: KVB)
To brør i kvar sitt mål. (Foto: KVB)
Lagleiar for Stord, Vegard Johansen. (Foto: KVB)
Lagleiar for Stord, Vegard Johansen. (Foto: KVB)
Lagleiinga til Os i strålande humør. (Foto: KVB)
Lagleiinga til Os i strålande humør. (Foto: KVB)
Så kom skåringa! (Foto: KVB)
Så kom skåringa! (Foto: KVB)
Dan i storslag! (Foto: KVB)
Dan i storslag! (Foto: KVB)
1 av 33

Os kommune og Vartun Oppfølgingstjenester sitt prosjekt «Livskvalitet» har skapt positiv aktivitet på fleire område. I 2016 stilte dei som B-Gjengen og stal 2. plassen i Dragebåtfestivalen, i 2017 spelte dei med nystarta gatelag 4-4 mot lokalt kjendislag, med spelarar som Sverre Lunde Pedersen og Eirik Søfteland, i ein strålande showkamp (sjå video) under Eat Move Sleep-cup.

• Les òg: Rustar opp Ervikane

Stallen inkluderer spelarar frå heile bygda, berre 1-3 av dei bur på Vartun. I dag tel laget 8-9 faste spelarar, men er på det meste over 15 på trening.

– Det er ein fin gjeng. Stemninga er god og intensiteten ganske bra, med mykje spel på små banar, fortel Alexander Dymbe.

Han jobbar på Vartun og har kasta seg med kollegaen Tor Arne Hitland på gatelaget.

For to veker sidan blei det klart at dei, med god hjelp av Os Fotball, startar cup for gatelag.

– Med stort potensiale

I går blei første versjon av cupen spelt, ein cup som lokka lag frå både Fredrikstad, Bergen og Stord til bataljar i strålande haustsol.

– Vi var oppe i 7-8 påmeldte lag, men det var dessverre nokre som meldte avbod. Då vi inviterte, var det òg fleire som sa dei vil koma neste gong, så vi reknar med at dette blir ein tradisjon, og at vi kjem opp i

15-20 lag neste år, seier Tor Arne Hitland frå Vartun, primus motor og del av Os kommune sitt Livskvalitet-prosjekt.

– Rosenborg, Molde, Viking og Vålerenga er blant klubbane som kan koma neste år, og med tilbakemeldingar frå dagens deltakarar trur vi også dei kjem tilbake, seier Hitland.

Gåvesjekk frå Søviknes

SK Brann, Frelsesarmeen i Bergen, Friskt Alternativ Stord (Frelsesarmeen) og FK Fredrikstad stilte opp for å møta Os og kvarandre. Før cupstart var det offisiell opning ved ordførar Terje Søviknes, som overrekte ein sjekk på 5000 kroner til Os gatelag.

– Dette er eit flott initiativ, sa Søviknes, som fortalte gjestane om Os sin eine sesong på øvste nivå, og om han sjølv, som rakk å gå ut av regjering før regjeringa tapte 0-7 for nettopp gjestane Fredrikstad sitt gatelag i ein oppvisingskamp tidlegare i haust.

Med open kiosk, blå himmel og Os Røde Kors i beredskap sto alt klart til kampstart.

Sterk start av Os

Os sitt lag har trent godt, men sakna matching. Første kamp gjekk mot Stord, og sjølv om det blei tap, var kampen jamn og prestasjonen innspirerande.

Stord gjekk opp i 1-0 på eit skot mot ein keeper i motlys, utan caps, 2-0 kom på eit godt frispark.

Men Os var med på notane, pressa Stord og kom til fleire ganske gode sjansar.

I dei neste kampane blei det tøffare motstand, men med caps på plass sto keeper Arnt i periodar som ein vegg, og stallen blei noko styrka, så i andre omgang kom også nettkjenninga.

Dan reduserte, men kampen enda 1-5.

Får skryt av Brann-leiinga

Blant gjestelaga var SK Brann sitt gatelag, som blir leia av tidlegare Brann-kaptein Erlend Hanstveit.

– Det blir kjekt å møta nye lag! Vi får nokre kampar, blant anna mot bedrifter som samarbeider med Brann, men dette er eit fint tiltak.

Brann sitt gatelag har rundt 50 spelarar innom i løpet av ein sesong, men er gjerne rundt 14 på trening.

– Vi trener på dagtid to dagar i veka. Fleire av dei som trener hos oss trener òg med Frelsesarmeen i Bergen sitt lag på kveldstid. No har vi delt spelarane ganske likt mellom oss til denne turneringa.

Frisk Alternativ Stord seier dei har rundt 14 i stallen, og plar vera 8 på trening. Lagetblei starta i 2016, og fekk auka kamptilbod då dei blei del av Frelsesarmeen sitt opplegg.

– Med Frelsesarmeen får vi fire cupar i året, i tillegg til NM. Men då speler vi fire per lag, med låge, breie mål. Her er det stor bane og litt annan taktikk. Det er kjekt å koma til Os og møta lag som Fredrikstad, seier lagleiar Vegard Johansen.

I pausen var folk og såg fotballkamp eller deltok på yoga.

– Vi hadde ti deltakarar på Back in the Ring-yoga, det er vi nøgde med! seier Hitland.

Etter cup var det fellesmåltid i klubbhuset på Kuventræ.

– Vi vil takka Os Fotball og sponsorar for fantastisk hjelp! No er det berre til å finna dato til neste års cup, der vi truleg får puljespel, sluttspel, finalar og premiering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.