Kultur | 05. okt. 2019

Vellykka release av Martine

Video frå Baronessen: Fullt dansegolv og allsong på «Sideshow».

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. okt. 2019 11:48

Bildeserie:

1 av 5

Natt til fredag sleppte Martine låten «Sideshow», fredag kveld var det releaseparty på Baronessen.

Adeo og Fole opna showet, og fekk folk ut av sofaene og ned på dansegolvet i det intime konsertlokalet.

Martine sjølv var på scenen i duett med Mats Cato Moldskred, både på urframføring av ein ny låt Sondre Skaftun og Mas Cato har skrive, og på den kjente låta «Shallow», frå filmen «A star is born».

Så blei ei lokal stjerne kanskje fødd.

Martine Frotveit Johnsen viste scenetekke då ho deltok i Idol, og var tydeleg komfortabel også framfor eit heimepublikum.

– Eg er takknemleg for at det var så mange som kom, og rørt over at så mange hadde lært seg refrenget på den ferske låten min, seier Martine til Midtsiden.

Publikum song med - og ba om meir. «Éin gong til, éin gong til!» - og det fekk dei.

– Kvelden blei perfekt, seier Martine, som takkar både storesøstera Malin, tekstforfattar Mats Cato og produsent Sondre for god hjelp med både låten og sleppefesten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.