Lokal | 02. juli 2011

Velta etter éin dag!

I går blei fotoboksane montert, i dag ser den eine ut til å ha vore utsett for hærverk.

Velta etter éin dag!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. juli 2011 07:59

Fredag blei det sett opp to fotoboksar langs E39 Halhjemsvegen,, ein på kvar side av Lepsøykrysset.

Les òg:
Oen på uriaspost

I dag får Midtsiden melding frå fleire om at den eine fotoboksen ser ut som om den måler flytrafikk, ikkje bilistar.

Dei to boksane har førebels ikkje innmat, så Os Aeroklubb kan føla seg trygge, kamera kjem ifølgje vegvesenet ikkje på plass før i august.

I mellomtida ser det ut som om Mesta må justera litt på boksen som skal måla fart retning Bergen.

Kanskje bør dei støypa den ekstra godt fast, for den første velkomsten ser ikkje ut til å ha vore varm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.