Velta tre og øydelagt ballbinge
Rødsliane, Finnebrekka og Halhjem har fått kjenna på den kraftige vinden.
Bildeserie:
Vindstyrken er i ferd med å avta og fellesfyrverkeriet i Os hamn skal skytast opp som planlagt.
Men kuling med storm i kasta har sett sine spor nyttårsaftan og første nyttårsdag.
Ferjer har vore innstilte, fleire tusen hus i Os har vore utan straum og ein drosje blei skadd av ei takplate.
Velta tre over vegen i Rødsliane
I 14-tida i dag fekk vi tips og bilde av velta tre over fylkesveg 137 Hegglandsdalsvegen i Rødsliane.
Ei ròten trestamme kviler seg på ein lågspentleidning, men bilar kan passera under.
Har vinden gjort skade der du er? Send tekst og bilde til tips@midtsiden.no
– Vi kjenner til denne, og om ikkje treet allereie er fjerna, så har vi folk på veg, seier kommunikasjonsrådgjevar Jan Kåre Austrheim i BKK Nett.
Trevelten har ikkje ført til straumbrot.
Skadd ballbinge
I Halhjemsmarka er kortsida på ein ballbinge blåst ned.
Dette har skjedd nokre meter frå der det i 1-tida i natt var brann i ein Fretex-konteinar.
Knekt stolpe i Finnebrekka
– Vi har hatt ein roleg dag i dag, med unntak av melding om ein knekt stolpe i Finnebrekka, seier brannsjef Stein Gjøsund.
– Stolpen støtta seg inntil eit gjerde inntil den bles laus og hang i leidningane. Det såg ut som om det var fiber, og ikkje straum i leidningane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.