Lokal | 03. jan. 2020

Velta tre og straumbrot

BKK Nett måtte henta meir verktøy for å fjerna treet.

Velta tre og straumbrot
Eit tjukt og eit tynt tre ligg på høgspentlinja. 51 hus er utan straum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. jan. 2020 21:45

Fredag kveld velta eit tre og blei hengande på leidningar over Gåssandvegen, rett etter busstoppet i Hatlelia.

– Det er ei høgspentlinje. Straumen gjekk ikkje som følgje av trevelten, men det genistra og brann litt i treet, så vi måtte ta straumen, forklarer ein operatør frå BKK Nett på staden.

Han og kollegaene hadde i 22.30-tida nett kome tilbake frå basen i Os med meir verktøy.

illustrasjon kart
illustrasjon kart

– Vi vil ikkje bruka motorsag, men eit tau med sagkjede på.

51 utan straum

51 abonnentar er utan straum i området. Dette er ikkje einaste feilen i BKK sitt nett, i alt 466 hus er straumlause i kveld.

Ifølgje BKK si oversikt over feil og straumstans, var det estimert at feilen på Gåssand skulle vera retta til klokka 23.30.

No ser det ut til å gå noko lengre tid.

illustrasjon kart
illustrasjon kart

Vegen er ikkje skilta som stengt, og det er passasje for personbilar under treet. Men BKK Nett er i gang med arbeid på staden, og vegen blir stengt for biltrafikk ei stund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.