Lokal | 25. aug. 2011

Velta under sjøsetjing

Under sjøsetjing av båt svikta hydraulikken og bilen velta.

Velta under sjøsetjing
Andris Hamretorsdag 25. aug. 2011 13:00

Det blei tillaup til dramatikk i Oshamna torsdag då ein 14-fots båt skulle heisast på sjøen.

- Hydraulikken svikta på den eine støttefoten då vi dreiv å heiste båten på sjøen, fortel ein av dei uheldige arbeiderane.

Med båten hengande over vatnet og foten som svikta var det ingen veg tilbake. Båten smalt i vatnet med krana oppi seg.

- Det blei nokre skader i dørken, så vi kan ikkje levere denne til kunden.

- Heldigvis har vi fleire, så vi får hente ein av dei.

Då Midtsiden.no kom til staden kort tid etter uhellet hadde dei allereie fått bilen på rett kjøl og dreiv opprydding i og rundt bilen.

- Det gjekk heldigvis bra med alle mann. Ei lommebok ramla på sjøen, men det får heller våga seg, avsluttar dei uheldige som ikkje ønskjer namna på trykk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.