Kultur | 17. jan. 2011

– Vemodig, men kanskje på tide

Legg ned: Torsdag er siste quiz på Opus, laurdag blir det avslutningsfest for nattklubben.

– Vemodig, men kanskje på tide
Linda før siste quiz på Opus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. jan. 2011 20:16

Torsdag blir siste kveld med den populære quizen på Opus, laurdag blir siste opningsdag som nattklubb.

– Vi skal ha ein knallgod quiz torsdag og ein vannvittig avskjedsfest i baren på laurdag. Alt skal vekk, ler barsjef Linda Johannessen.

Torsdagsquizen blir flytta til Irish Cat, som Risti er medeigar i, medan Opus Café & Bar blir lagt ned etter natt til førstkomande sundag.

Kravde stenging

Dei siste vekene har huseigar, representert ved Terje Haugan, og leigetakar Espen Risti, hatt kvar si oppfatning av framtida til Opus Café & Bar i Oshjørnet.

Haugan skal legga nye leilegheiter i Oshjørnet for sal, og viste til leigekontrakten, som trass i fleire år med nattklubbdrift, ikkje sa noko om at lokalet kan brukast til anna enn kafé og bar.

Risti hadde planar om å driva Opus vidare ut kontraktsperioden, altså til oktober i år. Men 31. desember 2010 blei siste kveld det blei akseptert av det blei ope på nattestid i lokalet.

– Vi har hatt eit møte og blitt samd om at vi tar siste quiz no på torsdag og rundar av med avskjedsfest laurdag 22. januar, seier Risti.

– Spennande med noko nytt

Risti er litt skuffa over at han må stenga og Johannessen er ikkje nøgd med at ho må flytta quizen sin.

– Eg har ikkje vurdert å driva vidare med berre kafé og pub. Men når vi likevel må avslutta nattklubbdrifta er det OK at vi får ta ein avskjedsfest, seier Risti.

– Det blir vemodig å gå frå Opus etter desse 7 fine åra. Men kanskje er det på tide med noko nytt, seier Linda, og legg til:

– Vi har aldri hatt så mange på quiz som i 2010, deltakartalet har halde seg høgt gjennom heile året og i snitt har vi lagt på 10 lag per gong. Så får vi håpa at Irish Cat eignar seg minst like bra til spørsmål og svar.

Kva med lokalet?

Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgivning forvaltar fondet som eig Oshjørnet AS, som igjen eig bygningen i Os sentrum kalla Oshjørnet.

Her skal det byggast nye husvære i ny etasje og rustast opp i eksisterande bygningsmasse.

– Vi startar med å legga seks husvære på toppen ut for sal. Dette blir fine 80 kvadratmeter store leilegheiter, som truleg kjem i marknaden i mars i år.

Kva som skjer med Opus-lokalet i framtida er uvisst.

– Det blir nok ståande tomt ei stund, men strikkebutikken må flytta på seg om ei stund, for når ombygginga startar så byrjar vi med rivearbeid i den delen av bygningen butikken ligg i dag, seier Terje Haugan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.