Lokal | 20. apr. 2010

Ventar i varmen

185 gjestar hos Vitaltour sit askefast i 27 varmegrader og strålande sol på Kypros.

Ventar i varmen
Gjesttirsdag 20. apr. 2010 09:28

Når dei kjem heim er fortsatt uvisst.

- Vi skulle ha hatt ei flyging tur/retur Kypros og Bergen i dag, men for augeblikket veit vi ikkje når vi kan få gjennomført ho. Vi har difor sett oss nøgd til å innstilla turen frå Bergen til Kypros, fortel eigar Hans Parnefält på telefon frå Kypros.

Studietur og tur for utviklingshemma råka
- På flyet til Kypros skulle det ha vore med ei gruppe utviklingshemma. Vi er leie for at desse ikkje kjem seg på tur, men vi har allereide planlagt ein ny tur for denne gruppa i september. Vonleg blir dei enda fleire som reisar på tur saman då, seier Parnefält.

- Nokon av dei som jobbar på kontoret vårt på Os skulle også ha vore nedover på studietur for å gjera seg kjende med hotella og plassen, men dei må nok også berre venta til tilhøva betrar seg.

Tryggleiken kjem fyrst
- Akkurat no sit eg hos flyselskapet i Nicosia og ser på kva vi kan gjera. Fyrst må jo Flesland væra open. I tillegg må oskeskya over Europa væra slik at vi kan landa om noko skulle skje med fly eller passasjerar mens vi er i lufta. Det viktigaste er tryggleiken, slår Parnefält fast.

- Eit anna moment er kor i køen vi hamnar når det blir klart for å fly. Det står mange fly og ventar på å fly over Europa, kortid vi får flytid er ikkje godt å seia. Vi kan koma oss avgårde i natt, men det kan også bli i morgon eller dagen etter. Alt er eigentleg ganske uvisst.

Gjestane kosar seg
Parnefält rapporterar om at gjestane har det bra. Dei er innkvartert på hotellet og får mat og drikka medan dei ventar. I mellomtida kosar dei seg med sol og varme. Sjølv om mange no er klare for å koma heimatt etter ei periode på Kypros, tek dei det med godt humør. Dei fleste er pensjonistar som ikkje har noko som hastar å koma seg heim til.

Uvisst om rekninga
- Dei som blei råka av den tunge avgjerda om å innstilla flygninga frå Bergen til Kypros får alle attende pengane sine. Dei som sit askefast på Kypros tek vi oss av. Dei meirkostnadene dette medførar meinar vi blir omfatta av eit EU-regulativ frå 2004 som legg kostnadane på flyselskapa, fortel Parnefält, som samstundes legg til at det ikke er kostnaden dei har fokus på no, men å få gjestane trygt heimatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.