Lokal | 16. sep. 2019

Ventar på video-opptak frå bussen

Trafikkulykka på Hetleflåten: Politiet etterforskar vidare - har sikra video frå bussen.

Ventar på video-opptak frå bussen
Trafikkulykka på E39 på fredag er framleis under etterforsking. Politiet ventar no på video-opptak frå bussen. (Foto KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 16. sep. 2019 08:00

– Fredag var prega av den tragiske trafikkulykka på E39 ved Hetleflåten, og kravde mykje ressursar frå oss.

Dette fortel politioverbetjent Atle Birkeland ved Os lensmannskontor. Ei kvinne i 50-åra frå Os omkom i ulykka.

– I tillegg til sjølve ulykka vart det etterkvart store trafikale problem på Lyseklostervegen, då mange prøvde å køyra over Fanafjellet. Ei utforkøyring i Langedalen gjorde ikkje situasjonen betre.

Ventar på video-opptak frå bussen

Birkeland fortel at ulykka framleis er under etterforsking.

– Vi har ikkje noko nytt å fortelja om årsaka til ulykka, men det vert jobba med å sikra video-opptak frå bussen.

– Det skal vera eit kamera som skal ha filma framover, og vi håpar at nettopp dette opptaket skal kunne gje oss eit klarare bilde av kva som hende.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.