Næringsliv | 01. mai 2012

– Verda har blitt mindre

Torsdag feirer Travelnet Os Reisebyrå 30-årsdagen sin. Den største forskjellen på 1982 og 2012 er ifølgje familien Fjellvang teknologien.

– Verda har blitt mindre
Med til saman 110 års erfaring i reiselivsbransjen, f.v.: Annlaug Askeland, Britt Halhjem, Jelena Lunde og Kjersti Fjellvang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. mai 2012 06:32

– Eg hugsar tida då vi skreiv alle billettar for hand, og eg hugsar dei første billettskrivarane og kor mykje dei maskinene bråkte, fortel dagleg leiar Kjersti Fjellvang.

Teknologien har ført til store endringar i marknaden, i periodar også store utfordringar.

– Då nordmenn byrja å bruka internett mykje, rundt 2002, merka vi auka konkurranse. Men vi kom gjennom denne perioden og ser at vår type fullservice reisebyrå er noko det er behov og marknad for.

– Det positive med teknologien er at vi klarer å halda oppe same omsetnad med færre tilsette. Og for kundane har det berre blitt større utval, fleire direkteruter og lågare prisar. I 1958 kosta det 3.850 kroner å fly frå Oslo til New York. Dette er den lågaste prisen på marknaden i dag også.

Torsdag feirer byrået sine første 30 år med kake, kaffi og reisequiz for kundar som kjem innom i Smiegården denne dagen.

– Det blir premiar òg, lover Kjersti.

Fulle bussar til sjømannskyrkjer

Leif Fjellvang er frå Drammen og var utdanna lærar før han byrja å jobba for sjømannsmisjonen, først i New York, så på hovudkontoret i Bergen. Etter å ha arrangert nokre vellykka bussturar til sjømannskyrkjer i Europa byrja han i Winges Reisebyrå i Bergen, som seinare blei kjøpt opp og omdøypt til Globus Grieg Travel.

Leif og kona Kjellaug, som kjem frå Os, budde på Halhjem, og Leif ville etter nokre år korta ned reisevegen til jobb.

– Først spurte eg om Globus ville opna avdeling på Os. Då dei ikkje ville det så satsa vi sjølv, eg, Kjellaug og Kirsten Linden, som seinare blei legesekretær og då blei erstatta av Aud Kristiansen.

30 + 15 år

Os Reisebyrå er framleis ei familieverksemd. Leif Fjellvang har pensjonert seg, men er ofte innom kontoret. Dottera Kjersti har overtatt som dagleg leiar og på avdelinga i Bergen, Reisefeber, jobbar broren til Kjersti, Knut.

– Reisefeber er 15 år i år. Knut sel mest reiser ut av landet og ut av Europa. Os Reisebyrå samarbeider blant anna med Safari Reiser i Haugesund og ulike eventyrarar, som Jarle Trå, om safari og fjellturar og andre former for aktive og eksotiske reiser, fortel Kjersti.

Nye favorittar

Organiserte gruppeturar både i Noreg, Europa og andre verdsdelar har vore blant produkta Os Reisebyrå har laga sjølv. For eksempel turar til New Orleans, med reiseleiar, i forkant av cruise i Karibien.

– Vi lager framleis mange slike reiser, men no går det mest i turar til ferdige grupper, ei bedrift, eit lag eller ein venegjeng. Det er veldig kjekke oppdrag, synes Annlaug og Britt.

Det som har auka mest hos byrået på Os dei siste åra er cruise i Østersjøen, Middelhavet og Karibien, ofte for storfamiliar på tur, gjerne i kombinasjon med storbyferie nokre dagar før avgang.

– Det blir cirka 60/40 Europa USA, og avreise er gjerne frå spennande byar som Barcelona eller Miami. Cruiseferie er mykje ferie og opplevingar for pengane og veldig kjekt også for småbarnsfamiliar.

– Ofte vil dei som skal på cruise i Middelhavet ha nokre dagar i Barcelona før båten går, eller dei som skal til USA vil ha pitstop i New York, ein tur til parkane i Orlando eller nokre dagar i Miami og Key West før eller etter cruiset.

Ordnar "alt"

Små og store grupper, på det meste opp i 300-400 reisande i same gruppe, er blant dei viktigaste kundane til Os Reisebyrå. Men også mange mindre firma - og privatpersonar, bruker byrå framfor internett.

– Mange firma sparer mykje pengar på ikkje å sitja og rota med bestillingar sjølv, dei har som oftast meir lønsame ting å bruka tida si på.

Kvar skal julebordet flyttast? Kva kostar mest av tog og overnatting på fjellet mot fly og fest i Riga?

– Sjølv om internett er enkelt, er det ofte enklare å ta ein telefon. Vi har hatt tilfelle der fly har blitt kansellert og våre kundar har styrt unna kø for ombooking rett og slett ved å ringa oss.

– Medan resten av reisefølgjet blei ståande i lang kø usikker på om dei fekk nytt fly tok kundane våre ein kjapp telefon og sette seg i kafeen. Vi er ofte lettare å nå enn eit flyselskap, seier Kjersti Fjellvang.

FIRE FAVORITTAR - FIRE ØNSKJE

Vi har spurt dei fire damene på Travelnet Os Reisebyrå:

Kva destinasjon står øvst på ønskjelista, blant plassar du ikkje har vore før?

Jelena Lunde: Australia.
Annlaug Askeland: Korea og Australia.
Britt Halhjem: Gå Inkatrail i Peru.
Kjersti Fjellvang: Sør-Amerika.

Og kvar vil du helst tilbake?

Jelena Lunde: Tanzania og Zanzibar.
Annlaug Askeland: Sør-Amerika, gjerne Chile.
Britt Halhjem: Skiathos, der eg har vore 8 gongar før.
Kjersti Fjellvang: Sør-Afrika, Bermuda og California.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.