Lokal | 31. mars 2013

Verda rundt som instruktør

41 år som frivillig i Røde Kors har gjeve Mats Hjelle ei enorm erfaring. Ei erfaring han no delar med kollegaer i Afganistan, Serbia og Libanon.

Verda rundt som instruktør
Mats Hjelle (t.v.) saman med to av dei andre instruktørane i Libanon (privat foto)
Andris Hamresøndag 31. mars 2013 09:53

Det heile starta i Os Røde Kors Hjelpekorps i 1972, då hjelpekorpset mellom anna hadde påsketeneste på Mjølfjell.

– Då var vi over 100 frå Os, med familiar og det heile, som var saman på Mjølfjell for å ivarata tryggleiken til påsketuristane, fortel Mats Hjelle om korleis interessa starta.

Kombinerte jobb og fritid

Seinare fekk han sjansen til å kombinera fritidsinteressa med jobb då han som politimann hamna i hundepatrulje.

– Opp gjennom har eg hatt to schæferhundar som begge blei trent til ettersøk og som lavinehundar.

– Dermed blei det ein kombinasjon av jobb og hobby, der medlemsskapet i Foreninga for Norske Lavinehundar (i dag Norske redningshundar, journ.mrk) gjorde at vi blei tilkalla når det tfor eksempel gjekk skred.

26 år på Finse

Erfaringa som hundeførar og intressa for redningsarbeid i samband med skred brakte Hjelle til Finse og dei populære kursa Røde Kors arrangerer kvart år.

– Frå 1986 har eg vore med som instruktør og vegleiar på vinterkursa på Finse.

– Årets kurs blei eit av dei tøffaste, då vi til slutt måtte evakuera deltakarane grunna orkan med vind på 46 meter per sekund.

– Eg var faktisk ein av dei som måtte evakuerast sjølv, då eg saman med eit par andre skulle vera markørar i ei øving.

– Vi blei faktisk liggande i figurantgropa i fire - fem timar før vi blei henta ut, forklarar Hjelle om den vindfulle øvinga.

Søkte i Kashmir

Episoden på Finse er ikkje den einaste av det dramatiske slaget Mats Hjelle har vore gjennom det siste året.

Berre dagar etter at han gjekk av med pensjon frå politiet 1. april i fjor blei han spurt om å vera med i ei gruppe frå Noreg for å bistå Pakistan Røde Halvmåne.

Dei ville ha hjelp i søket etter overlevande soldatar som hadde blitt tatt av eit is-, stein- og snøskred i Kashmir.

- Det var eit enormt svært skred som hadde lagt heile militærleiren under stein og is. Enkelte installasjonar i leiren fann vi igjen fleire kilometer unna der dei opprinneleg hadde stått, forklarar Hjelle.

Ei spesiell stemning

Han fortel om ei heilt spesiell stemning oppe i fjellet i Kashmir, der 140 soldatar var tatt av skredmassane.

– Det er jo eit område som Pakistan og India har kriga om i 25 år. Vi blei fortalt at det var om lag 50 ulike terroristgrupper som held til i fjella der, så uansett kvar vi gjekk blei vi passa på.

- Når vi i tillegg visste at det låg 140 soldatar begravd i massane, så sette det sitt preg på leitearbeidet.

Fann 20 seinare

Dei norske Røde Kors-medarbeidarane hadde med seg spesialutstyr som gpr-radar og dampbor for å prøva å kartlegga kor djupe massane var og kor det kunne ligga folk.

- Det var så hard og så mykje stein, så det var ikkje mykje vi fekk gjort.

– Pakistan Røde Halvmåne fann seinare på sommaren 20 av soldatane og skal gjera nye søk til sommaren igjen, fortel Hjelle, som inn til området fekk seg ein av sitt livs store helikopterturar då dei flaug i 2-3 timar i låg høgde frå Islamabad til fjella i Kashmir.

Lite ørken og kamelar

Som ein av Noregs fremste ekspertar på skred og redningsarbeid, og som medlem av Røde Kors sin Internasjonale kommisjon for Alpin Redning gjennom 10-12 år, er Mats Hjelle ein populær og mykje brukt instruktør og vegleiar verda over.

– I desember hadde eg ein tur til Kopa Onik i Serbia, kor eg òg var for 10 år sidan. Serbarane har vore med på Finsekurset tidlegare og hadde no behov for ei oppfrisking.

Nett heimkome frå Serbia var det berre å pakka sekken på nytt for den aktive instruktøren.

- I januar og februar har eg hatt tre turar til Libanon som instruktør. Mange tenkjer på ørken og kamelar når dei høyrer Libanon, men det finst det ikkje der i det heile, derimot finst det masse flotte skiområde med fjell på over 3000 meter.

Fantastisk skiterreng

Sjølv om Hjelle var der som instruktør fekk han seg nokre turar på ski.

– Det er heilt vanvittige fjellsider å kjøra i.

- Solstrålinga er så sterk der nede at snøen set seg ganske fort, og gjer det relativt trygt å kjøra sjølv om det er bratte fjell, forklarar skredeksperten, som feirar påsken på koselege, men kanskje ikkje så eksotiske, Kvamskogen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.