Monica Alnes med hannkatten «Grand International Champion Alneskatten's All I Wanna Do» - populært kalla Pyso. (Foto: Giorgio Fioravanti)

Verdas finaste katt kjem frå Lekven

Monica Alnes vann VM i Nederland: «Pyso» er verdas vakraste kvite skogkatt!

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I Lekvenmarka held oppdrettaren Monica Alnes til. Ho er oppdrettar av nasjonalrasen vår; Norsk Skogkatt. I ti år har ho oppdretta rasekattar og selt til både inn- og utland.

Det finst Alneskattar både i Italia, Korea, USA, Sverige og Ungarn, men sjølvsagt flest i Noreg.

– Kva skal til for å driva avl på dette nivået?

– Det er ein altoppslukande hobby. Eg og familien kan ikkje foreta oss noko som helst utan at vi legg til rette for kattane. Når du har 12 kattar held det ikkje at nokon berre kjem innom med noko mat, om vi er vekkreist, dei må faktisk bu i huset. Huset er naturlegvis prega av at det er katt her, og halve hagen er inngjerda som kattegardar, fortel Monica.

I tillegg til å vere aktiv oppdrettar er ho også ofte å sjå på utstillingar, både i heimlandet og utanfor landegrensene. Som i andre konkurransegreiner er det også verdsmeisterskap for oppdrettarar, og for ei god veke sidan var det «verdsvinnarshow», der berre dei beste kattane i verda får delta.

Til Nederland med landslaget

I motsetnad til vanlege utstillingar må kattane kvalifiserast for å vere med på verdsshowet.

Dei siste fem åra har Alnes vore del av det norske landslaget, og under årets VM, som blei halde utanfor Haag i Nederland, var ho representert med katten «Grand International Champion Alneskatten's All I Wanna Do» - ein kvit norsk skogkatt som har vunne svært mykje det siste året.

– Til dagleg kallar vi katten «Pyso». Han sjarmerer alle han møter, fortel Monica.

Katten har nettopp blitt to år gamal, men er framleis som ein kattunge i oppførsel.

– Heldigvis er det berre utsjånaden det blir dømt på, men det krevst naturlegvis at katten kan oppføra seg i ei slik setting. Den må godta å bli halden, kjent på og målt i høgde, lengde og bredde. Men til sjuande og sist er det katten sitt eksteriør som er avgjerande.

Kvit pels og grøne auge

Når det kjem til nettopp eksteriøret er Pyso one of a kind. Hans krittkvite pels og grøne auge har ført til beundring frå både publikum og dommarar sidan han debuterte på utstilling berre fire månader gammal.

– Då gjekk han heilt til topps og blei «best in show» i Trondheim i påsken 2016. Etter det har det blitt mange fleire titlar.

– For ein amatør kan Pyso, som er av rasen norsk skogkatt, sjå ut som noko anna enn det som er typisk å møta i norsk skog. Har han likevel typiske kjenneteikn for denne rasen?

– Når det gjeld Pyso så er han litt spesiell siden han er kvit - det er jo ikkje SÅ vanleg. Men han held standarden til den norske skogkatten når det gjeld det tekniske i hode og kropp og pelskvalitet. Men det som gjer han til kjendis er jo personlegdomen hans. Han skårer nok ein del ekstra ved å sjarmera dommarane.

I Nederland var det nærmare to tusen kattar som deltok. Når så mange kattar skal samlast, og dei fleste kjem med fly, så er det ikkje lett å få plass til alle. Difor blei det ei skikkeleg mjølkerute for Pyso, hans eigar og resten av reisefølget. Dei tok fly til København og leide deretter bil og køyrde gjennom halve Europa for å kome seg fram.

– Eg må senda ein ekstra takk til sjefen min, rektor Børge Lunde ved Nore Neset barneskule, som er så raus når det gjeld permisjon, seier Alnes.

Tøff konkurranse

På verdsvinnarutstillinga gjekk det over all forventning. Trass mykje venting og frykteleg mykje folk oppførte Pyso seg eksemplarisk. Og konkurransen var knallhard. Her var junior-vinnarar, skandinaviske vinnarar, baltiske vinnarar og middelhavsvinnarar.

Av alle desse kvalifiserte kvite skogkattane frå heile verda gjekk han heilt til topps - og kan no skilte med å være verdas beste kvite skogkatt!

– Dette er ei utmerking som heng svært høgt i miljøet. I tillegg var han einaste norske hannkatt som tok seg heilt til superfinalen, der dei ti beste totalt var nominert, seier oppdrettaren frå Lekven, og legg ikkje skjul på at det blei felt nokre tårer då sigeren var i boks.

Lange ventelister på neste avkom

VM-tittelen har også ført til at «butikken» har fått ein oppsving.

Etter verdsutstillinga har etterspurnaden etter Alneskattar tatt heilt av.

– Eg har no lange ventelister på kattungar! Men osingar kjem først i køen, seier Monica etter VM-triumfen.

Dei som vil kan gjerne besøke heimesida til Pyso og resten av skogkattane i Lekvenmarka www.alneskattens.com

Fleire saker