Lokal | 12. mars 2012

Verdas raskaste

Sel 40-50 vassjetar i året: Bilskadesenteret stilte i helga, for første gong, med vassjet på båtmesse.

Verdas raskaste
Frode Eide med utstilling på messa i Dolviken, framfor SeaDoo RXPX 260 RS, verdas raskaste serieproduserte vassjet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 12. mars 2012 10:18

– Dette er verdas raskaste serieproduserte vassjet, fortel Frode Eide frå Bilskadesenteret AS.

Han viser fram ein SeaDoo RXPX 260 RS.

– Vassjeten har 260 hk og veg 368 kilo. Toppfarten er på rett under 70 knop.

Prisen på fartsvidunderet er 166.900 kroner. På messa fekk du hengar verdt 9.900 kroner med på kjøpet.

Sel 40-50 i året

Bilskadesenteret driv bilverkstad på Midttun. I tillegg sel dei motorsyklar frå Can-Am og Spyder og vassjet av merket SeaDoo.

Dagleg leiar ved Bilskadesenteret, Stig Hatlestad, fortel at dei sel mellom 40 og 50 vassjetar i året.

– Interessa i helga var stor, så vi har fleire tilbod ute og kjem nok til å få nokre kontraktar no i dagane som kjem, trur han.

Prisane varierer frå 130.000 til rett over 180.000 kroner for ein ny vassjet.

– Vi selte 40-50 jetar i fjor og kjem nok til å auka i år. Starten på 2012 har vore veldig god.

Også mange som leiger jet

Hatlestad er medeigar i Vest Utleie AS, eit selskap som frå 2010 har drive med utleige av motorsyklar (can-am), båt og vassjet frå Håkonshella.

– Vi har seks jetar for utleige og hadde godt belegg i fjor, fortel Stig.

Lovleg å bruka?

Dei siste åra har det vore diskutert om vassjet er lovleg å bruka eller ikkje. I bergensområdet er det to banar der det er ope før kjøring med vassjet, den eine er på Hjellestad, den andre i Askvik i Os.

Men entusiastar hevdar at Noreg ikkje har lov til å forby bruk av vassjet. Derfor har mange nekta å betala bøter og fleire saker har blitt henlagt.

Hovudargumentet er at SeaDoo, som er canadisk merke, har motor frå Austerrike, og er derfor delvis produsert i EU. EØS-avtalen seier noko om at varer heilt eller delvis produsert i EØS skal kunna brukast i EØS.

– Ting er framleis uavklart, det legg eg ikkje skjul på ovanfor kundane. Men eg kjenner heller ikkje til at noko som har nekta å betala bot har blitt tvunge til dette, tvert imot veit eg om vassjetkjørarar som har blitt stoppa gong på gong har 20-30 henlagte saker liggande i skrivebordsskuffa heime, seier Hatlestad.

Midtsiden kjem tilbake med eiga sak om jus-en rundt vassjet-kjøring. I mellomtida kan du lesa om Carl-Robert Larsen i BA.no.

Han fekk det det svart på kvitt frå politiet i Bergen: "De underrettes om at for deres vedkommende er forholdet henlagt fordi det ikke er straffbart."

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.