Sport | 20. juni 2017

Verdien av å ha det spennande utandørs

– Eg var sjølv ein travel 14-åring då eg blei hekta på fiske, men då blei det endå meir spennande å vera ute, vekke frå både skjerm og mas.

Verdien av å ha det spennande utandørs
Torsdag står Remi klar på moloen for å hjelpa ungar og ungdom på gratis fiskearrangement. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. juni 2017 08:05

Remi Lindborg er ny leiar for barne- og ungdomsutvalet i Os jakt- og fiskelag. Dei siste tre åra har han hatt ansvar for arrangementet «Fiskesommer», der unge under 16 år blir inviterte til fiske frå moloen ved Oseana.

• Les òg: Tatt med tang (frå Fiskesommer 2012)

Fiskelaget har stenger, sluk og spinner til utlån, og viser teknikk og behandling av fisk, dersom det blir fangst. Deltakarar under 10 år må ha med seg ein vaksen, og alle ungane må ha redningsvest på.

– Det er veldig kjekt å fiska med ungar, og det kjennest ikkje ut som om det er så lenge sidan eg sjølv starta med fiske. Eg prøver å gi dei ei god oppleving og håper at dei kan bli like hekta som eg blei, seier 30-åringen.

Han var 14 år då ein kamerat lokka han med seg. Vegen gjekk vidare til fiske i elv og vatn, og jakt på både små- og storvilt.

Fredelege og spennande avbrekk frå kvardagen

– Den gong var eg travel med ulike idrettar, fotball, handball og volleyball, men det var godt å få eit avbrekk, å koma seg vekk frå roping og mas, ut i naturen der det er fred og ro.

Remi, som var med og spelte Os opp til 2. divisjon i 2006, er no småbarnsfar, men framleis aktiv fotballspelar med Nore Neset. Og aktiv jeger og sportsfiskar.

Han gler seg over å sjå at mange foreldre er flinke til å ta ungane med seg på fjelltur, og trur at mange av desse ungane, om dei får prøva fiske og jakt, vil setja endå meir pris på å vera utandørs.

– Har du ein hobby så blir det fleire timar utandørs, vekke frå skjerm, også om ikkje sola skin. Det blir meir spennande å vera utandørs, samtidig som det er fredeleg å vera vekke frå lekser, ulike dataspel og elles organiserte kvardagar.

Fleire arrangement ved sjø, elv og vatn

«Fiskesommer» torsdag (frå kl 17) er årets første av fleire aktivitetar.

– Onsdag i nesten veke skal vi i Oselvo, 13. juli blir det gjeddefiske i Hetleflåtvatnet, 13. august skal vi fiska i Ulvenvatnet og 1. september skal vi i Oselvo igjen, fortel Remi.

– Gjeddefiske er nytt tilbod for ungdom i år. Eg trur det kan bli ekstra spennande! Utover hausten vil det koma fleire arrangement, då vil vi òg ha kurs i flogefiske og flogebinding.

Vil òg ha med seg eldre ungdom i laget

Lindborg seier han har merkt seg at fleire undgomar i Os, i 16-20-årsalderen, er aktive sportsfiskarar.

– Det er kjekt å sjå, og eg kunne tenkt meg å få desse med i fiskelaget. Medlemsskap er billig, spesielt for ungdom, og vi har mange fine medlemsfordelar. Det kunne dessutan vore kjekt for dei yngre medlemmane våre å få eldre ungdom inn i laget.

• Les òg: Treffsikre nybyrjarar opna ny bane (2017)

– Laget byr dessutan på spennande aktivitetar på anlegget vårt ved Ulvehiet, der dei yngste kan få skyta med salongrifle på blink og 14-åringar og eldre kan læra seg å skyta med hagle.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.