Sverre etter VM-bragden i Inzell 2019

Verdsmeisteren takkar heimbygda

Inzell: Osingane feira til langt på natt, Sverre takkar heimbygda for støtta etter VM-triumfen i går.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Med tida 6.07,167 på 5000 meter i VM enkeltdistnsar sette osingen og Fana-løparen Sverre Lunde Pedersen ny personleg rekord, ny norsk rekord og ny banerekord i Max Aicher Arena i den tyske vintersportbygda Inzell.

Sverre vann VM-gull med ei tid som var over 4 sekund framfor Patrick Roest og gjekk over 5 sekund raskare enn Sven Kramer, som fekk 3. plass.

– Ein fantastisk prestasjon! Vi er stolte osingar i dag, seier ordførar Terje Søviknes, og gratulerer verdsmeisteren på vegne av Os kommune.

På tribunen sat over 25 osingar.

– Å toppa ein fantastisk tur med eit løp som dette er heilt utruleg! Stemninga var god frå før, og tok etterkvart heilt av! Jubelen sto i taket då Sverre gjekk i mål! seier Tore Kleppe.

– Alt har vore perfekt til no, både reisa, reisefølget og opplegget til Os Travel. Det er jo luksus å vera på tur med ein reiseleiar som Hans Parnefält. Og så toppar Sverre med å levera eit historisk løp, det er nesten for godt til å vera sant.

Roest gjorde det spennande i siste par, men då rundetidene hans byrja å gå opp, forsto publikum at dei var i ferd med å bli vitne til ein historisk dag.

– Alle fekk gåsehud, fleire gret.

– Då nasjonalsongen kom over lydanlegget blei det rett og slett hard kost for enkelte, fortel Midtsiden sin mann i Inzell, Kjetil Osablod Grønvigh.

Løpet, som av skøyteekspertar blir kalla eit av tidenes best gjennomførte, resulterte i Sverre sitt første internasjonale meisterskapsgull sidan han to gongar vann VM allround for juniorar.

Midtsiden møtte Sverre i pressesona etter løpet og premieutdelinga.

– Eg høyrde osingane i det eg kom inn på isen. Det er kjekt å gi noko tilbake, støtta frå alle heime betyr ekstremt mykje, seier Sverre.

– Korleis opplevde du løpet sjølv?

– Det er som å vera i ei boble, akkurat no. Eg veit ikkje om det heilt har gått opp for meg. Men eg hugsar at då eg var rundt halvvegs så tenkte eg at dette var ein god dag.

Fansen heldt fram med å feira den gode dagen.

Fleire av heimesupporterane bur i nabobyen Salzburg i Austerrike. På bussen på veg tilbake var det nokre som heldt stemninga oppe, mens andre tok seg ein teknisk kvil. Tilbake i byen var alle klare for å feira vidare. Reisefølgjet kuppa ein bar som hadde jam. Sjølv om jammen var over, heldt osingane fram med å synga. Det blei shantyar av Otto Hægland og allsong med Tore Kleppe i tet.

 

Osingane feirar Sverre sitt VM-gull from Midtsiden on Vimeo.

I dag står lagtempo for tur, søndag går Sverre 1500 meter.

Fleire saker