Lokal | 22. mai 2017

Verdspresidenten i Rotary besøkte Ramsholmen

Ian Riseley meiner anlegget på Ramsholmen stør opp om ideala som Rotary har som mål å leva etter.

Verdspresidenten i Rotary besøkte Ramsholmen
Påtroppande verdspresident i Rotary, Ian Riseley, saman med ordførar Marie Lunde Bruarøy på Ramsholmen i dag. (Foto: Os Rotary Klubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. mai 2017 20:29

Bildeserie:

Orientering på brygga på Ramsholmen.
Orientering på brygga på Ramsholmen.
President på synfaring. Øystein Moberg i bakgrunnen.
President på synfaring. Øystein Moberg i bakgrunnen.
Turen gjekk i båten «Unik».
Turen gjekk i båten «Unik».
1 av 3
Orientering på brygga på Ramsholmen.
President på synfaring. Øystein Moberg i bakgrunnen.
Turen gjekk i båten «Unik».

Pressemelding:

Den påtroppande verdspresidenten i Rotary, Ian Riseley frå Australia, besøkte Ramsholmen sjø- og helsesportsenter måndag føremiddag 22. mai, og likte det han såg. Han fekk gå rundt og ta i augesyn eit anlegg der mykje er på stell, men der det enno står att noko arbeid før alt er ferdig.

Då det vart kjend at den påtroppande verdspresidenten Ian Riseley skulle vitja Bergen, vart det kjapt bestemt at han måtte losast til Ramsholmen for å visa han eit eksempel på kva ein lokal rotary-klubb har fått til. Ramsholmen ligg i Halhjemsosen like ut for ferjeleiet på Halhjem.

Ian Riseley vart tatt imot av ordførar Marie Bruarøy, lokale medlemmer av Os Rotary Klubb med president Tore Rogne i spissen, og av guvernøren for region Vestlandet, Tore Rykkel.

Den påtroppande verdspresidenten konstaterte tilfreds at Ramsholmen vert ein fredfull plass for god rekreasjon. Anlegget stør opp om ideala som Rotary har som mål å leva etter.

Det er Os Rotary Klubb som står bak realiseringa av sjø- og helsesportsenteret på Ramsholmen.

• Anlegget er lagt til rette for rullestolbrukarar.
• Her er naust med toalettfasilitetar og forsamlingslokale i 2. høgda, telt- og grillplass og eigen fiskekai for rullestolbrukarar.
• I ei gamal laftestove vert det i desse dagar gjort plass for overnatting.
• På Ramsholmen er det tilgang på kajakkar.

Os Rotary har også fått konstruert og bygd båten «Unik» som kan transportera passasjerar i rullestolar. Os brannvesen har fått båten i gåve, og båten vert driven i fellesskap av brannvesenet og Rotary. Bergen og omland Friluftsråd har nyss kome inn som eigarar av Ramsholmen sjø- og helsesportsenter. Senteret skal drivast av Os Rotary Klubb i nært samarbeid med Friluftsrådet.

Øystein Moberg fortalde Ian Riseley om draumen om å få noko til på Ramsholmen, og om all dugnadsinnsatsen gjennom snart tjue år som ligg bak realiseringa av dette sjø- og helsesportsenteret.

Rotary er ein verdsomgripande organisasjon med 1,4 millionar medlemmer i over 200 land.

Os Rotary Klubb har rundt 40 medlemmer. Tillitsverva som leiarar både lokalt og internasjonalt går på omgang, og Ian Riseley frå Australia overtar som verdspresident 1. juli i år. Han har nyss vitja Danmark og Finland, og er ein snartur innom Bergen og Os før han dreg vidare til Island og USA.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.