Kultur | 04. sep. 2012

– Verdt å få med seg

Konsertar, boklanseringar, utstilling og dansekveld. Omfanget er stort når kulturlivet feirar Henrik Lyssand sin 100 års dag.

– Verdt å få med seg
Berit Steen og Leif Ragnar Tveit er klare til å feira Henrik Lyssand sitt 100 årsjubileum til helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 04. sep. 2012 15:23

Det frivillige kulturlivet i Os markerar til helga at det er 100 år sidan musikar, kunstnar og komponist Henrik Lyssand blei fødd.

- Felles for alle laga som deltek er at dei har ei eller anna tilknytning til Henrik Lyssand.

- Anten har han vore ei aktiv del av lagslivet deira eller så nyttar dei hyppig materiale han har hatt fingrane borti, fortel Leif Ragnar Tveit.

- Dumt å ikkje få med seg

Programmet er mangfaldig med opning som ein del av Kystsogevekene, boklansering og ei rekkje konsertar.

- Den første konserten i Oseanasalen er laurdag ettermiddag med Os Vocalis.

- Dei er i kjempeslag etter ei strålande oppkøyring kor dei har delteke i konkurransar, spelt inn plate og hatt ei aktiv periode.

- Det er slik veit du at kora er best når dei er skikkeleg opptrent, og det kan eg lova deg at Os Vocalis er no, seier Tveit.

- Vi fekk ei forsmak då vi lanserte haustprogrammet og dei held eit fantastisk høgt nivå.

- Det vil vera dumt å ikkje få med seg dei på laurdagen, så er er det berre å stikke innom for billettar, skyt arrangementssjef Berit Steen inn.

Møteplass og dans

Etter at Os Vocalis har gått av scena er det Os spelemannslag og Os Duspelsamskipnad som inviterarar til dans.

- Det blir ein skikkeleg gamaldansfest etter god gamal oppskrift, lovar Tveit.

- Vi kjem til å rigga salen med småbord, dansegulv og serveringsstader. Så det bør absolutt ligga til rette for ein triveleg kveld, forsikrar Steen.

Tveit håpar dansekvelden kan bli ein triveleg samlingsstund for både dei som skal vera med på dei forskjellege delane av jubileet og for osingar forøvrig.

Dottera med songbok

Jubileumssundagen startar med barnekonsert kor elevar ved Os kulturskule, Søfteland skule og Os skule deltek under kunstnerisk leiing av Bergljot Lyssand Bjørø og Turid Moberg.

- Bergljot, som er yngste dottera til Henrik, har til jubileet laga ei songbok med alle songane borna skal framføra.

- I tillegg til tekst og noter følgjer det med ein CD kor songane er spelt inn og kor kvar song i tillegg berre har kompet, fortel Tveit.

Knut Vidar Garlid har stått for innspelinga av CDen. På barnekonserten får dei følgje av Oddgeir Bjelland, Karl Ole Midtbø, Anne Leni Søfteland Sæbø og Terje Neset.

- Tillegg medverkar musikkforeninga, som Henrik var ein aktiv del av, på seks av numra bornekoret skal framføra.

To gongar boklansering + utstilling

Songboka til Bergljot Lyssand Bjørø vil bli lansert og presentert under kulturminnedagen laurdag formiddag. Der vil óg Lars Skorpen si bok om Henrik Lyssand bli slept.

- Då blir det nok gode moglegheiter til å få signerte utgåver av første opplaget.

- I tillegg til bøkene har eldste sonen til Henrik, Harald Lyssand, satt saman ei utstilling av, med og om Henrik Lyssand. Den vil bli ståande i foajeen heile helga, fortel Tveit.

Avslutning med smell i

Som seg hør og bør når ein feirar bursdag må det heile avrundast med skikkeleg trøkk.

- Festkonserten blir med Os Musikkforening, Os spelmannslag og stryken, Os Mannskor, Os Mannskors minikor, Lysekoret, Os Blandakor, Os Vocalis, Pensjonistkoret, Os Kammerkor, Tre med skjegg og ein utan.

- Saman kjem alle desse laga til å framføre musikk som Henrik Lyssand anten har komponert eller som han har arrangert for kor og korps.

- Konserten kjem til å bli bunden saman av Barbra Røttingen og Inge Brækhus som vil la publikum få eit innblikk i Henrik sitt liv og virke, avsluttar Tveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.