Vêret i Os | 22. sep. 2025
Vêromslag: Melder lettskya og sol i over ei veke
Melder solrike haustdagar.


Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. sep. 2025 15:05
Etter ein grå periode med tett mellomrom mellom regnbygene, er det måndag ettermiddag i ferd med å klarna opp.
No ventar over ei veke med opphaldsvêr.
Dei fleste dagane skal dessutan bli solrike.
Det er meldt opphald til og med neste måndag. Dei fleste dagane blir lettskya, torsdag blir overskya og laurdag er det venta skyfri himmel.
Temperaturen skal stiga frå dagens 11 til 15-16 gradar.
Yr melder rundt 2 m/s i vindstyrke tysdag, Storm melder 5 m/s. Begge melder 2-3 m/s dei neste dagane.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent





