Kultur | 04. apr. 2017

Veronica tek over for Janne Mari

Veronica Søilen Halhjem blir ny marknads- og kommunikasjonsansvarleg på Oseana.

Veronica Søilen Halhjem blir ny marknads- og kommunikasjonsansvarleg på Oseana (foto: Bjarte Løvaas Haugland)
Andris Hamretirsdag 04. apr. 2017 11:11

Janne Mari Hjelle gir seg som marknads- og kommunikasjonsansvarleg på Oseana Kunst- og kultursenter.

I slutten av mars tok ho avskjed med dei frivillige på Oseana under ei uformell avslutning på restauranten

Var førstevalet

Det var kome inn 68 søkjarar til stillinga som Hjelle går frå då fristen gjekk ut i starten på mars.

– Veronica Søilen Halhjem er i dag tilsett som ny marknads- og kommunikasjonsansvarleg. Veronica har bachelorgrad i kommunikasjon frå USA, og har lang erfaring frå arbeid med sal og marknadsføring.

– Veronica har akkurat dei kvalifikasjonane vi ser etter og var førstevalet. Dette gler vi oss veldig til, seier Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg i ei pressemelding.

Driv dansestudio

Veronica Søilen Halhjem starta i 2013 opp dansekurs i hiphop og breakdance, den gong på Kuhnletunet.

Dansinga har etter kvart utvikla seg til dansestudioet Tag the floors, som dei siste åra har fått låna lokale av Os bygg- og eigedom i det som skal byggast om til Baronsgården.

Søilen Halhjem startar i jobben 1. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.