Næringsliv | 20. aug. 2012

Vestlandslefsa er selt

Rieber & Søn ASA, som blant anna står for merkevarene Toro, Vossafår og Vestlandslefsa, er selt.

Vestlandslefsa er selt
I mai var siste dag med drift på Toro Os. No er Vestlandslefsa selt til Orkla. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. aug. 2012 08:57

Rieber & Søn ASA, som kjøpte lefsebakeriet på Bøe i 1989, er selt til Stein Erik Hagen sitt Orkla.

Hagen skal ifølgje E24.no lenge hatt ønske om å utføra eit større kjøp for å styrka forretningsområdet Orkla Brands, og i dag melder Rieber-familien at dei har inngått ein avtale med Orkla ASA om sal av Rieber & Søn ASA.

Avtalen omfattar 90,11 prosent av aksjane i Rieber & Søn til ein pris på 66,58 kroner per aksje. Dette gjev ein verdi på heile selskapet på (gjeldsfri basis) 6,1 milliardar kroner.

Rieber & Søn hadde siste produksjonsdag i Os 31. mai i år. Produksjonen av den over 50 år gamle Vestlandslefsa blei då flytta til Lierne i Trøndelag.

Les òg: Til sak mot Rieber

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.