Sport | 22. sep. 2020

Vestlandsmeister i rallycross

Karoline Breivik og bestemor Randi Karin Breivik vart begge vestlandsmeistrar i rallycross.

Vestlandsmeister i rallycross
Vestlandsmeisterar Karoline Breivik (t.v.) og bestemor Randi Karin Breivik. Foto: Team Karoline
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 22. sep. 2020 12:30

I helga gjekk andre og siste runde av vestlandsmeisterskapet i rallycross, grunna korona vart det berre to løp i år.

– Etter at dei opna opp for at vi kunne få køyra, har vi i september hatt to rundar med vestlandsmeisterskap. Vi har køyrd på både Eikås og Vikedal, og det har gått veldig bra.

Finalen gjekk i Vikedal i helga, Eikås var for to veker sidan.

– Det var litt vått på Eikås, og eg fekk startplass som nummer to i A-finalen og køyrte inn som nummer to. På Vikedal vann eg fem av sju innleiande og fekk startplass som nummer éin i finalen. Der leda eg frå start til mål, seier Karoline Breivik.

Dermed vart Karoline vestlandsmeister i rallycross, i ein rask og effektiv sesong.

– I ein vanleg sesong køyrer vi opp til seks løp for å kåra vestlandsmeisteren, men grunna korona vart det berre køyrt desse to løpa. Det vart jamt mellom meg og han som kom på andreplass, og det var litt på hengande håret.

Karoline Breivik i full fart. Foto: Arntzen Foto
Karoline Breivik i full fart. Foto: Arntzen Foto

Bestemor Randi Karin Breivik har òg fått køyrt i vestlandsmeisterskapen. Første løpet gjekk på Eikås, der fekk Randi Karin førsteplass, ho var dessverre åleine i klassa si. Det var fire påmeldte, men dei tre andre fekk ikkje bilane sine klare.

Einaste jenta i klassen

Klassen som Karoline Breivik konkurrerer i heiter rallycross over 2,4 liter. Her konkurrerar ho mot berre gutar.

– Ja, eg er den einaste jenta i denne klassen, og det er den største klassen du kan køyra i Noreg. Her kan du køyra alt av motorar over 2,4 liter, sjølv køyrer eg ein 3-litersmotor.

I årets sesong har det ikkje vore like mange deltakarar som det vanlegvis er.

– Det er nok fleire som har kjent på at det kanskje ikkje har vore vits i å delta på løp i år, sidan det berre har vore desse få løpa, seier Breivik.

God på starten

På spørsmål om kva som er styrken til rallysjåføren frå Os, er Breivik rask til å svara.

– Eg har køyrt ein del år no og har fått ein del erfaring. Hvis ein ser på løpet sist helg så vann eg alle startane, då vart det vanskeleg for dei bak å koma forbi. Får du ein god start så er utgangspunktet vidare i løpet veldig bra.

No gjenstår det berre eitt løp før årets sesong er over.

– No har vi eit klubbløp igjen og det skal bli kjekt, avsluttar Karoline.

Her kan du sjå Karoline Breivik sin A-finale på Vikedal:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.