Veteranane skremte serieleiaren
Os 2 stilte med 7 oldboys frå start mot serieleiar Bergen Nord.


Med mange skadar på ein i utgangspunktet tynn og ung stall har Os hatt ein tøff haust med fleire lag, ikkje minst andrelaget, som har tappa klubben og dei yngste spelarane for ein del krefter.
Os 2 rykker ned frå 4. divisjon, og klarte ikkje å stilla lag borte mot Vadmyra førre helg. Men søndag stilte mange veteranar opp for å gje serieleiar Bergen Nord noko å bryna seg på.
– Vi let alle dei eldste spela frå start, og tok dei ut då det var tomt for krefter. Men gamlegutta brukte kreftene smart så det blei ei fin framsyning på Kuventræ i går, meiner Leif Gunnar Borgen.
Os 2 - Bergen Nord 1-3 (1-2)
Målskårar, Os: Tor-Erik Kjosås Berge
Os: Marcus Dalland - Tore Engevik, Jan Frode Skeie, Robert Bjørnevik, Rune Fjellberg - Frode Steffensen, Eivind Carlson, Håkon Kvittingen, Egil Thuen, Tor-Erik Kjosås Berge og Frode Øye.
Innbytarar med speletid: Ruben Aasen, John Ole Johannessen, Joar Søvik, Steffen Ludvigsen.
– Vi la oss lågt og hadde kontroll bakover heilt til det kom eit flott langskot frå gjestane. Dei auka til 0-2 etter noko klabb og babb før vi fekk redusert.
Banens eldstemann, tidlegare Os-trenar Frode Steffensen (49) blei felt innanfor 16-meteren og fekk straffe. Tor-Erik Kjosås Berge sin straffe blei redda, men Tor-Erik var frampå og sette returen i nota 10 minutt før pause.
– Bergen Nord fekk ikkje direkte raudt på fellinga av Steffensen, men noko seinare, då Frode Øye var sistemann og blei felt, kom det raude kortet.
Os 2 hadde fleire sjansar til å utlikna og ta leiinga i 2. omgang, i staden hadde gjestane marginane på si side og kom med nok eit langskot og vann 1-3.
Os 2 speler neste kamp på bortebane mot Norheimsund. Sesongens siste kamp gå heime mot Frøya søndag 23. oktober (kl 16).