Lokal | 12. apr. 2010

«Vetle-Vakten» innom Os

Kystvakten har styrka flåten med fem korpulente hissigproppar.

«Vetle-Vakten» innom Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. apr. 2010 20:37

Den ser kanskje knubben ut, men kvar av Kystvakten sine fem nye rib-ar er utstyrte med over 1000 hk vassjet og har ein toppfart på 45 knop.

- Det er ein utruleg stødig båt! seier orlogskaptein Ole Thorsen til Midtsiden.no om HPB-ane (hurtiggåande patriljebåt).

Bestilte fem
Sola skin, det nærmar seg høgsesong for båtfolket og kystvakta får meir å gjera. I år stiller dei med fem nye rib-ar til raske oppgrag i skjergarden.

- Vi prøvde ut et par prototypar i fjor, retta eit par feil og manglar og bestilte. Det er no fem båtar av denne typen i Noreg. Fire båtar er sjøsette, den femte kjem på sjøen i mai, seier Thorsen.

Bygd i England
Båten er 10,25 meter lang og cirka 3,5 meter brei. Dei er produserte i England og ustyrt med blant anna vassjetstyring, fastmonterte brannpumper, hjartestartar og lensedel.

Dei ser for seg helger med mykje arbeid framover, både i form av teknisk assistanse og i naudssituasjonar.

Rask kamerat
Kystvakta si oppgåve er også å følgja opp om rutinar og reglar blir følgt opp, og å hindra kriminelle handlingar som for eksempel råkjøring. Med 2 x 512 hestekrefter har den nye lettbåten ein toppfart på 45 knop. Den har også ekstreme sjøeigenskapar.

Båten tilhøyrer den større vaktbåten KV Tor. Dei pendlar frå Måløy i nord, til Egersund i sør.

- Dei blir også å sjå i Bjørnefjorden i sommar. I smalare og grunnare områder, der KV Tor ikkje kjem fram, blir rib-ane til god hjelp. KV Tor- og lettbåten patruljerer 327 dagar i året. Dei stiller ofte opp på festivalar og andre arrangement der det kan vera behov for ekstra assistanse, seier Thorsen.

Tekst: Benjamin Bruarøy og Kjetil Vasby Bruarøy

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.