Lokal | 08. juni 2019

– Vi er alle kunstnarar!

Førskulebarna i Os barnehage med eiga kunstutstilling og hyllest til anerkjend gatekunstnar.

Ung kunstnar i Os barnehage. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 08. juni 2019 14:56

Bildeserie:

Smørblid kunstnar i Os barnehage. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Denne fargerike sommarfuglen, signert gatekunstnaren «M.U.M» vart avduka i januar 2018. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Styrar Elisabeth Nordstrand og Vicky Bøe mot hyllesten 34 born har laga. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Originalen sin signatur. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Og hyllesten sin signatur. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Førskuleborna har førebudd seg til torsdagens vernissage i fleire veker. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Klart til å stillast ut. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Skisser på kolstift var ein del av utstillinga. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Alle ungane valde eitt dyr dei skulle portrettera. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Flotte revar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
No kan mammaene og pappaene berre komma. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Klart til vernissage. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Ugla som motiv var populært, fortel Norstrand. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Styrar Elisabeth Norstrand helsar foreldra velkomen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Førskuleborna song. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
-og fekk diplom og blom. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Gatekunstnaren «M.u.M» helsa barnehagen og borna. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Før han klipte snora inn til kor barnehagen sin eigen «Sommarfugl» stod klar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)
Kunstverket saman med bilde frå prosessen med å laga det. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/ Os barnehage)

1 av 19

På torsdag var det avslutningfest for ungane i Os barnehage som til hausten skal byrja på skule.

Som ein del av markeringa inviterte barnehagen og ungane til vernissage og avduking av kva dei har jobba med i mange veker.

Sommarfugl i Os barnehage

Styrar i Os barnehage, Elisabeth Nordstrand fortel at årets kunstprosjekt i barnehagen har fått namnet «Gatekunst i Os barnehage».

I fjor fekk barnehagen sin eigen gatekunst på veggen, signert kunstnaren «M.u.M».

– Eg hadde lagt merke til fleire fargerike motiv i Bergen, og byrja då å prøva finna ut kven kunstnararen var, seier Nordstrand.

– Etterkvart fekk eg kontakt med kunstnaren bak signaturen, og for å gjera ei lang historie kort; i januar 2018 kunne vi avduka ein stor, fargerik gatekunst-sommarfugl i her i barnehagen, signert «M.u.M.»

Kunst i kvardagen

Os barnehage har lenge hatt kunst som ein del av kvardagen, og då spesielt som ein del av vårsemesteret til førskuleborna.

– Vicky Bøe, saman med Kristine Hjelle Hatlelid og Amalie Lindborg Bøyum, har i fleire veker jobba med ungane i barnehagen sitt eige atelier, fortel Nordstrand.

– Nokre gonger er det fleire ungar der inne og malar saman, mens andre gonger er det ein-til-ein.

– Det som er viktig å understreka er at ungane får vera kreative på sin eigne premissar; det er ingenting som er rett og galt, og vi vaksne legg ikkje handa vår på kva ungane teiknar og malar seg fram til.

I tillegg til sjølve kunsten dei skapar, fortel Nordstrand at litt kunsthistorie og bruk av ulike teknikkar er ein del av kunstprosjektet til barnehagen;

– Når foreldra kjem her i kveld vil dei ikkje berre få sjå berre éit ferdig kunstverk signert ungane sine, dei vil òg få sjå ulike skisser som ungane har jobba med undervegs.

– For oss som barnehage er det ikkje resultatet som er det viktigaste, her handlar det absolutt mest om prosessen ungane har fått vera med på.

Hyllar sommarfuglen

Til torsdagens vernissage hadde barnehagen invitert kunstnaren «M.u.M» - dei hadde nemleg ei oppgåve og ei overrasking til han;

– 34 born har saman laga si eiga hyllest til «Sommarfuglen», fortel Nordstrand. Denne skal kunstaren få lov til å avduka for oss. Denne skal etterkvart hengjast opp slik at vi no har to store, flotte sommarfuglar som er med å fargeleggja kvardagane våre.

Norstrand fortel vidare at i tillegg til å ha gatekunst som tema, vil nok gatekunstnaren bli glad for å sjå at ungane har laga sine eigne kunstverk inspirert av dyr, natur og sterke fargar, noko han sjølv er inspirert av.

I tillegg til vernissage med kanapaer og brus i stett-glas, vart torsdagens markering av overgangen frå barnehage til skule markert med song, talar og mat.

– Og kunsten til ungane?

Den får dei med seg slik at den kan få heiderplass i heimen!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.