Parkeringsplassen for bubil var ferdig før påske, og har vore full fram til i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi forstår at det er kamp om plassen!

Bubil-bonanza i Os: Påsken gav pangstart for ny parkeringsplass på Steinneset.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Natt til palmesøndag sto det fullt opp med bubilar på den nye plassen på Steinneset. Plassen har vore full gjennom store delar av påsken, vitne som bur i område fortel at folk har snudd fordi dei ikkje har fått plass.

Også på morgonen andre påskedag var 7 av 9 plassar tatt.

– Ryktet spreier seg fort i bubilmiljøet, folk er flinke til å tipsa kvarandre om gode plassar. Plassen ser perfekt ut, seier Kari Pedersen og Svein Arne.

Dei kom til Os først i dag, og skal bli til i morgon.

– Vi er frå Sotra og har vore ein gjeng med fem bilar til Sponavika ved Leirvik på Stord sidan onsdag. I morgon skal vi innom Bomobil (i Industrivegen i Os), der vi i fjor kjøpte denne bubilen, derfor tar vi oss ei natt her.

Etter 30 år som båtfolk konverterte dei til bubil. Bubilen dei har no er den fjerde i rekkja.

– Kva kjenneteiknar ein god bubilplass?

– Utanom straum og tømestasjon er det ein fordel med nærleik til butikkar og restaurantar. Denne plassen ligg dessutan heilt ved sjøen og har sol til seint på kveld, det er ein bonus.

– Vi såg at det var fullt her då vi køyrde til Stord onsdag, og vi trur det kan bli kamp om denne plassen framover, meiner Kari og Svein.

18 bilar eller 9 bubilar

Parkeringsplassen har ikkje status som bubilparkering.

– Området er regulert til offentleg parkering, ikkje som bubilparkering, fortalde kommunalsjef Aina Tjosås til Midtsiden då byggearbeidet i september 2017 var i gang.

Det er likevel lagt til rette for bubil, med vatn og straum. Parallelt er det laga tømmestasjon ved Os kommune sin pumpestasjon ved sidan av vaskehallen til Esso, på motsett side av hamna.

Os kommune har òg sett fram benkar og pynta med blomekassar rundt parkeringsplassen.

I alt blir det 18 parkeringsplassar, men det er ikkje plass til 18 bubilar.

– Grunna branntryggleik må bubilar stå på annakvar plass, med luft imellom. Om det er ingen bilar på plassen får vi med andre ord plass til ni bubilar, seier Tjosås.

Os brannvesen seier dei ikkje har hatt oppdrag i samband med bubilparkeringa i påsken.

Greit med campingvogn?

Straumuttak er montert på den nye parkeringsplassen, men betalingsløysing er førebels ikkje på plass.

Kva som er av reglar og prisar har Midtsiden førebels heller ikkje informasjon om, men i samband med at ei campingvogn har stått på plassen gjennom påsken har det kome spørsmål om blant anna dette.

Midtsiden har snakka med vedkomande, ein mann frå Os, som eig vogna.

– Eg spurde Os kommune om eg kunne stå her ei stund, og svaret var ja. Eg har ein annan stad å setja den når dei skal byrja å krevja pengar for å stå her, men tenkte det var fint å campa ved hamna ei stund.

Tjosås fortel til Midtsiden i dag at det blir jobba med både å forma reglar og å få betalingsløysing på plass.

– Eg har førebels ikkje oversikt over kor langt dei har kome med dette arbeidet, men vi tenkte at det var greit å få plassen klar til bruk no til påske. Det er kjekt å sjå at så mange har hatt glede av den allereie.

Éin ting er allereie klart: Bubilar kan, som andre, parkera tett og på heile området. Men ved overnatting kan dei berre stå på den nye plassen inn mot hamna, og med éin ledig plass imellom.

Kva som blir døgnprisen, kor lenge du kan stå og om det blir lov med campingvogn på plassen, er førebels uvisst.

– Dette er livet

Dagens gjestar frå Sotra ser allereie fram til neste besøk.

– Vi har vore både i Tyskland, Danmark, Sverige og Polen. I fjor var vi i Lofoten og Vesterålen. Men det blir flest korte turar, gjerne heime på Sotra, eller til stadar som dette.

– Det å setja seg i bilen og køyra ein time er godt nok til at det blir ein tur, eit stoveskifte og ein liten ferie. Ofte reiser vi med venepar, men også ungane har bubil, så det blir gjerne heile storfamilien, med barnebarn og alt som høyrer med.

Også venepara gjekk same veg, frå båt til bubil.

– Vi er ikkje så vêravhengige når vi har bubil, og rekkevidda er større. I bagasjerommet har vi teiner og fiskestang, eg vi fekk faktisk tre krabbar i helga, så vi saknar ingenting. Vi ville ikkje vore forutan dei 30 åra vi har reist på tur med båt, men no var tida moden for forandring, og dette er verkeleg livet! synest Kari og Svein.

Fleire saker

  • Det vart høne i år òg ...

    19. april 2019

    Trass i lite snø vart det påskehøne - for niande året på rad - for familien Holdhus/ Vevle.

  • Påskeprat med Tove

    19. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Tove Tvedt Skarstein.

  • Maritas verd

    19. april 2019

    Marita Moe Sandven vart saman med Ole Amund Gjersvik headhunta til å spela under Festillene i Bergen - det er berre eitt av fleire prosjekt ho...

  • Undersøkte ulykkesstaden i natt

    19. april 2019

    Statens vegvesen og krimteknisk kopla inn grunna alvorlegheitsgraden av MC-ulykka i Industrivegen.

  • MC-ulykke i Industrivegen

    18. april 2019

    OPPDATERT: Motorsyklist henta av luftambulanse - skal ha køyrt inn i lyktestolpe.

  • Påskeprat med Eirik

    18. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Eirik Søfteland

  • Møkka tok straumen til 700

    18. april 2019

    Ein uheldig bonde på Bø kortslutta straumnettet - brannvesenet rykte ut og tok seg av vaskinga.

  • 700 utan straum i Os

    18. april 2019

    OPPDATERT: Klokka 12.30: Straumen tilbake for dei fleste - 57 kundar framleis utan straum. BKK melder om «driftsforstyrrelse»