Lokal | 08. mai 2017

– Vi har alle eit ansvar

Politiførstebetjent Anne Lyssand heidra soldatane og minna oss på at vi har alle eit ansvar for å hindra radikalisering og ekstremisme.

– Vi har alle eit ansvar
Politiførstebetjent Anne Lyssand var hovudtalar under markeringa i Minneparken (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 08. mai 2017 11:11

Bildeserie:

8. mai markering i Minneparken (foto: AH)
8. mai markering i Minneparken (foto: AH)
Ordførar Marie Bruarøy leia markeringa (foto: AH)
Ordførar Marie Bruarøy leia markeringa (foto: AH)
Kor også olje- og energiministeren var tilstades (foto: AH)
Kor også olje- og energiministeren var tilstades (foto: AH)
Leif Østrem song "Til ungdommen" (foto: AH)
Leif Østrem song "Til ungdommen" (foto: AH)
Og la ned krans på minnesteinen etter Marie Østrem (foto: AH)
Og la ned krans på minnesteinen etter Marie Østrem (foto: AH)
4. klassingane ved Os Barneskule song "Mellom bakkar og berg" (foto: AH)
4. klassingane ved Os Barneskule song "Mellom bakkar og berg" (foto: AH)
Michael Irons frå USA la ned blomer på vegne av dei etterlatte (foto: AH)
Michael Irons frå USA la ned blomer på vegne av dei etterlatte (foto: AH)
Det same gjorde landsmann Steve Grimsland (foto: AH)
Det same gjorde landsmann Steve Grimsland (foto: AH)
Speidarar frå Os KFUK-KFUM la ned blomer på sju graver på kyrkjegarden (foto: AH)
Speidarar frå Os KFUK-KFUM la ned blomer på sju graver på kyrkjegarden (foto: AH)
1 av 9

Frigjeringsdagen og veterandagen blei tradisjonen tru markert i Minneparken på Os 8. mai. I år med representasjon frå regjeringa då olje- og energiminister Terje Søviknes hadde tatt turen.

Ordførar Marie Bruarøy leidde programmet som inneheld song frå 4. klassingane ved Os barneskule og Leif Østrem.Kransenedlegging av Martine Sælen på vegne av den oppvaksande slekt, KFUK-KFUM speidarane, Leif Østrem som barnebarn etter Marie Østrem og dei to amerikanerane Michael Irons og Steve Grimsland, etterkommarar etter Ole Kobbeltvedt, ein av osingane som fall i Skjervet utanfor Voss i april 1940. Dagens hovudtalar var politiførstebetjent Anne Lyssand.

Viktig å bera vidare til nye generasjonar

Lyssand fortalde ho følte ei stor audmjuke for dei som var med å sikra fridomen under andre verdskrig og i seinare tid i internasjonale operasjonar.

– Vi er utruleg priviligerte som har den fridomen. Det er viktig å markera 8. mai. Eg kjenner ei uro på at dagen kan mista aktualiteten om vi ikkje er flinkare til å bera betydningen av den vidare til kommande generasjonar. Eg har snakka med begge ungdomsskulane og dei seier dei gjer det gjennom å flagga og i samfunnsfagtimane. Eg håper òg dei lærar ungdommen om den nære krigshistoria og dei osingane som kjempa under krigen.

«Det gløymde kompani»

Dagens hovudtalar hadde sjølv ei nær kobling til krigen gjennom far Kristian Lyssand som tenestegjorde i 2. bergskompani.

– Dei tok seg over frå Murmansk til Finnmark og kunne 30. april 1945 melda til London at Finnmark var frigjort, som det første fylket i Noreg. 22. mai 1995 blei far tildelt medalje av Russland, men her heime blir 2. bergskompani ofte omtala som det gløymde kompani.

– Det er viktig at vitnemålet frå steinane her i minneparken ikkje må stilne. Fridomen må vi verna om.

Alle har eit ansvar

Politiførstebetjenten kom òg med ei oppmoding til dei frammøtte.

– Terrorangrepa i Europa dei siste tida kan vera eit vitne om at terror er det nye våpnet. Dessverre skaper hendingar som i Europa ofte ein smitteeffekt også hit til Noreg. Som representant for politiet oppfordrar eg dykk til å melde frå til politiet om de har mistanke om nokon har latt seg radikalisera.

– Vi har alle eit ansvar for å hindra radikalisering og ekstremisme, poengterte Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.