Lokal | 21. sep. 2012

– Vi har funne løysingar

SJÅ TEIKNINGANE: I god dialog med Arbeidstilsynet har kommunen funne løysingane for utbetringar av Oseana.

– Vi har funne løysingar
Frå tysdag blir kontora til kulturskulen undervisningsrom (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 21. sep. 2012 14:34

Torsdag hadde Os kommune og Arbeidstilsynet Vest synfaring og drøftingar i høve dei fire pålegga tilsynet har kome med.

- Det blei eit konstruktivt tilsyn kor vi fekk presentere våre forslag til løysingar. Desse fekk vi positive tilbakemeldingar på, fortel kommunalsjef Geir Engelsen.

Har tru på rask handsaming

28. september skal Arbeidsmiljøutvalet (AMU) i kommunen ha møte kor mellom anna søknaden til Arbeidstilsynet om samtykke for endingsarbeid i Oseana skal diskuterast.

- Rett etter det møte vil vi sende naudsynt søknad til tilsynet for å få samtykkje.

- Signala vi fekk i går var såpass gode at eg forventar at dei vil bli handsama relativt raskt og samtykke gitt.

Vindauge mot Vikjo

Engelsen fortel at vi kan sjå løysingane i tre forskjellege delar som kan gjerast uavhengig av kvarandre.

- Løysing mot vest, altså mot Mobergsvikjo, er å laga store gode vindauge i fasaden frå rommet vi kallar Kobbervågen. Derfrå vil vi nytta glasvegger inn mot Vargasalen kor kulturskulen sine dansarar øver.

- Kobbervågen vert eit stort og godt rom. Korleis kulturskulen vil nytta dette og om dei vil dele det opp i flere øvingsrom skal leiinga i Kulturskulen ha ein dialog på vidare med dei tilsette.

Mesanin mot aust

Austover vil arbeidsgruppa foreslå å laga ein mesanin over bakscenen i Oseanasalen og få vindauge i fasaden over køyreporten.

- Der vil det verte eit tilleggsareal i Oseana og vi vil etablera nye kontorlokale for dei tilsette på kulturskulen.

- Dermed frigjev vi dagens kontorlokale til øvingsrom. Også her vil vi i dialog med skulens leiing og tilsette sjå om det skal gjerast inndelingar i fleire rom, forklarar Engelsen.

- Allereie frå tysdag av vil kontorlokala bli nytta til øving. Administrasjonen flyttar i mellomtida saman med administrasjonen i Oseana oppe i 4. etasje.

Betre toalettløysingar

Det siste pålegget frå arbeidstilsynet gjekk på handicaptoalett for tilsette i alle etasjar og utstyrsrom for reingjeringspersonalet.

- Også her har vi lagt fram løysingar som arbeidstilsynet ga positiv tilbakemelding på.

- I tillegg kan det vera at vi foreslår ei forbetring i høve publikumstoalett i foajeen når vi først likevel skal gjera eit arbeid. Det blir det opp til politikarane å avgjera.

Kan øva der

Dei fire undervisningsromma som arbeidstilsynet har stengt blir ikkje ståande tomme.

- Dei er lov til å nyttast som øvingsrom, men altså ikkje som undervisningsrom.

- Korleis ein eventuelt vil organisera dette må kulturskulen sjølv sjå på. Mi rolle i det hele har vore å ha den formelle kontakten med arbeidstilsynet og sørgje for at vi har kunne koma fram til hovudløysingar til det beste for Oseana KF og Kulturskulen som leigetakar, fortel kommunalsjefen.

Har midla tilgjengelig

I samband med sluttrapporten frå byggjekomiteen for Oseana kan ein lesa at denne foreslår å halde av dei nær 10 millionane Grieg Foundation har stilt til disposisjon som rentemidlar for å imøtekomma arbeidstilsynet sine pålegg.

- Vil dei pengane halda?

- Eg blei utfordra på det same i formannskapet sist tysdag. Og ja, med alle mulege forbehald trur eg dei vil det.

- Førebelse berekningar viser at ombyggingane vil koma på omlag 8 millionar fordelt på grovt sagt 3 millionar mot vest, 3 millionar mot aust og 2 millionar til endringane inne i bygget.

Om alt skal gjerast eller kun einskilde løysingar skal kommunestyret avgjera når dei får saka til handsaming 30. oktober.

- Kva med elevane frå neste veke, kor vil dei få undervising?

- Måndag er det planleggingsdag på kulturskulen så då er det ikkje undervisning.

- Frå tysdag 25. september vil dans og drama fortsette etter vanlege planar i Oseana, då undervisning i Vargasalen og Kobbevågen ikkje er stengt av Arbeidstilsynet.

- Alle andre elevar får beskjed måndag om kor undervisninga vil forgå, avsluttar Geir Engelsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.