Lokal | 17. juni 2009

- Vi har ikkje kontroll

Arne Monsen måtte springa frå flammane då ATV-en velta. Brannvesenet har førebels ikkje kontroll på brannen på Ulvenfjellet.

- Vi har ikkje kontroll
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juni 2009 13:26

Bildeserie:

1 av 4

Les òg:
Skogbrann på Ulven

- Det nærmar seg truleg 100 mål med avsvidd skog, seier varabrannsjef og leiar på staden Arne Monsen til midtsiden.no.

Helikopter på veg
Det store området og den tørre skogen gjer saman med vinden sløkkearbeidet vanskeleg. I tillegg til assistanse frå brannvesenet i Bergen er helikopter frå Tønsberg på veg. Dette er venta å koma fram i 16-tida.

- Vi veit ikkje korleis det ser ut på baksida av fjellet, men soldatar er på veg for å rapportera.

Måtte springa frå flammane
Monsen fekk soldatar til å frakta seg i ATV for å sjekka utviklinga av brannen oppover fjellsida.

- Turen var mislukka. Firehjulingen velta og vi fekk den ikkje opp igjen. Då vi sprang over ei kolle såg vi at brannen var på veg mot oss, så vi måtte berre springa, seier Monsen.

Den flunkande nye ATV-en, som er Forsvaret sin, ligg igjen og er truleg totalskadd av brannen.

Ambulanse er på staden. Ingen er så langt skadd i redningsarbeidet.

Starta under skyteøving
Heimevernet har 300 ny soldatar på øving på Ulven.

- Vi hadde ein tropp på skytebanen då brannen starta. Soldatane meldte straks frå. Kor fort brannen spreidde seg i starten er vanskeleg for meg å seia, eg var ikkje på staden då det skjedde, seier major Gaute Gunnarskog.

Ordførar Terje Søviknes og kommunaldirektør for samfunnsutvikling, Karl Ole Midtbø, er også på staden.

- Dei er her i første omgang for å få orientering, seier Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.