Lokal | 08. aug. 2018

– Vi har slutta med nedtrapping av fartsgrenser

Vegvesenet svarer: Etter 3 førarkortbeslag på 8 dagar var det enkelte som reagerte på skiltinga frå 80 til 50 km/t.

– Vi har slutta med nedtrapping av fartsgrenser
Er 50-skilta synlege frå god nok avstand? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. aug. 2018 07:39

I løpet av åtte dagar i juli tok politiet beslag i tre førarkort i 50-sona på Ulvenvegen (fv 160) over Ulvensletta. To av beslaga blei gjennomført etter måling av fart på bilistar retning sør, mot Skeie og Strøno, der det blir skilta direkte frå 80 km/t til 50 km/t.

Dei to aktuelle bilane hadde fart rett over grensa for beslag, på 76 km/t og 77 km/t.

I etterkant av beslaga har Midtsiden-redaksjonen fått reaksjonar på den brå fartsreduksjonen.

• Les òg: Ugyldig skilting og ugyldig førarkortbeslag?

Mange andre stadar blir det skilta frå 80 til 70 før det blir 50-sone, eller eit varsel 150 meter i forkant. 50-skilta på Ulvensletta er dessutan «rett etter ein sving».

Ny norm frå 2014

I mangel på rett kontaktperson å snakka med hos Statens vegvesen, grunna ferieavvikling, siterte vi vegvesenet si handbok i forsøk på å finna svar i førre artikkel.

«Fartsgrenser fastsettes til nærmeste hele 10 km/t og settes ned i sprang på maks. 20 km/t. Når forskjellen mellom fartsgrensene i to områder er 30 km/t eller 50 km/t, tas først et sprang på 10 km/t. Ved overgang fra et område med 80 km/t til et område med 50 km/t, skal f.eks. fartsgrensen først forandres til 70 km/t og deretter til 50 km/t.»

– Handboka som seier dette er gamal, det kom ny norm i 2014, fortel senioringeniør i Statens vegvesen, Svein I. Holmedal i Plan og Forvaltning Bergen.

Han har òg svart skriftleg på spørsmål frå Os lensmannskontor om saka.

Synleg på god nok avstand

– Denne praksisen med å skilta ned fartsgrensa etappevis har vi slutta med.

– Kva med varselsskilt 150 meter før, det er det heller ikkje på Ulvensletta. Burde det vore der?

– Vi varslar 150 meter før, men det finst unntak. Om det er klar sikt på 150 meter eller meir bort til skilta, så kan dette varselet sløyfast.

Os lensmannskontor har sjekka sikta på staden, og funne at du ser det første skiltet frå 200 meter avstand, det andre frå 190 meter.

Det ser altså ut som om reduksjonen frå 80 km/t til 50 km/t på Ulvensletta er gjort etter boka. Den nye boka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.