Lokal | 18. okt. 2012

– Vi har tid nok

– Tida er vår viktigaste ressurs for å hjelpa elevane til å oppleve meistring, fortel Vidar Teigen.

– Vi har tid nok
Therese Johnsen, Christian Lund, Merete Lekven og Vidar Teigen utgjer meistringsteamet som har base på Varafjell ressurssenter (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 18. okt. 2012 13:43

Det nyoppretta meistringsteamet til Os kommune starta 1. oktober arbeidet med å hjelpe elevar på ungdomstrinnet som kan ha det vanskeleg på skulen til å oppleva meistring i skulekvardagen.

- Målet er at elevane skal vera på skulen, trivast der og ikkje minst læra der, fortel Therese Johnsen, ei av dei fire i teamet.

Tverrfagleg

Meistringstemet er eit tverrfagleg team beståande av Therese Johnsen (lærar med sju års erfaring frå Os ungdomsskule), Merete Lekven (sosionom med master i barnevern), Vidar Teigen (allsidig sjukepleiar som har jobba mykje med kognitiv terapi) og Christian Lund (spesialsjukepleiar i psykiatri og rus).

- Vi er eit tverrfagleg team som har tid til å koma inn der andre instansar ikkje har meir tid.

- Arbeidet vårt skal vera prega av langsiktigheit og systematikk, slik at vi hjelper elevane til å oppnå dei måla vi set, forklarar Lund.

Treng hjelp av landsbygda

Dei fire jobbar i samsvar med kunnskapsløftet og skal hjelpa elevane til å få ein god skulekvardag, men ikkje nødvendigvis alltid på skulen.

- I nokre tilfelle kan det vera mest hensiktsmessig å ha aktivitetar utanfor skulen, andre gongar på skulen.

- Vi disponerar flotte lokale her på Varafjell, men vil òg nytta heile landsbygda, fortel Merete Lekven.

- Difor har vi ei oppmoding til bedriftar og andre i Os om å vera der når vi spørr om å få koma på besøk eller om hjelp, skyt Therese Johnsen inn.

Rektorane styrer

Meistringsteamet skal vera ein ressurs for dei tre ungdomsskulane i Os.

- Rektorane ved skulane utgjer styret vårt. Det er dei som melder inn kva elevar som treng hjelp.

- I nokre tilfelle kan det vera i eitt fag, i andre tilfelle kan det vera i høve heile skulekvardagen.

- Det er ikkje slik at alle fire skal jobba med kvar einskild elev. Kven av oss som blir kontaktperson avheng av kva type hjelp den aktuelle eleven treng, men vi skal samstundes halde kvarandre orientert slik at vi sikrar kontinuitet om kontaktpersonen blir sjuk eller er på ferie, forklarar Johnsen.

Ein spennande pilot

Kommunalsjef Ingvar Torsvik orienterte i sist tenesteutval om meistringstemaet.

- Dei er eit permanent team, men samstundes ein spennande pilot som mange andre kommunar følgjer med argusauge.

- Kanskje visar det seg at det er denne måten som er det beste måten å arbeide med ungdom som har ein vanskeleg skulekvardag.

- Eg er i allefall svært nøgd med det teamet vi har fått på plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.