Vêret i Os | 22. mai 2023

Vi kan få over 20 varmegradar i pinsen

Varmt, men vekslande vêr dei neste dagane.

Vi kan få over 20 varmegradar i pinsen
Bjørnafjorden sett frå grillplassen i Mobergsvikjo i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. mai 2023 07:31

Gårsdagen blei den varmaste i Norge til no i år. Berre Nordland og Møre og Romsdal målte ikkje temperaturar over 20 gradar, skriv Meteorologisk institiutt på Twitter i dag.

Fem stasjonar målte over 24 gradar: Byglandsfjord (24,7), Gulsvik II ((24,4), Sarpsborg og Hakadal (24,2) og Blindern og Revetal (24,0 gradar).

Etter den varme og solrike søndagen har ei ny veke starta med sol og blikkstille fjord i Os.

Vi skal få meir solskin denne veka, men også nedbør.

Det er meldt regn frå 17-19-tida måndag fram til 08-tida tysdag morgon.

Resten av tysdagen blir lettskya eller skyfri, men med 6-8 m/s vindstyrke, og temperaturen skal ned frå 16 i dag til 13 i morgon.

Det lover godt for publikum og spelarar under Lysekloster og Os, som speler første NM-runde mot kvarandre tysdag kveld.

Onsdag er det meldt regn på dagen, men opphaldsvêr og kanskje nokre solgløtt ettermiddag og kveld.

Torsdag melder Yr regn heile dagen mens Storm melder opphald og sol frå klokka 13.

Yr og Storm er meir samde om fredagen, som ligg an til å bli opphaldsvêr og lettskya heile dagen. Temperaturen skal ligga på berre 9 til 12 gradar.

Laurdag ligg an til å bli grå og litt våt, mens det er meldt aukande temperatur til rundt 15 gradar.

Søndag skal det letta på morgonen og bli opphaldsvêr, sol og 17 varmegradar.

Måndag andre pinsedag melder Yr 21 gradar og sol, Storm melder noko kaldare og gråare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.