Debatt | 30. juni 2026

Vi kunne framleis hatt kreftkoordinator

Svar til Thomas Nyløkken, Bjørnafjorden Høyre.

Vi kunne framleis hatt kreftkoordinator
Torgeir Skjælaaen, her i kommunestyret i 2023. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggtysdag 30. juni 2026 16:43


Det er ikkje vanskeleg å vera einig i at det er eit stort behov for kreftkoordinator i Bjørnafjorden kommune. Vi er mange som har vore einige i det lenge.

Fram til 2023 klarte ein å oppretthalda denne stillinga trass kutt og vanskeleg kommuneøkonomi, og då stillinga endå ein gong var foreslått kutta, fekk alle kommunepolitikarane klår og tydeleg varsel frå kreftforeininga om konsekvensane dette kuttet ville få.

Likevel vart stillinga kutta frå sommaren 2024, det første budsjettet etter at Høgre og Framstegspartiet fekk fleirtal i kommunestyret.

Endringane som kom med pakkeforløp for kreftpasientar måtte primærhelsetenesta, dei kreftsjuke og deira pårørande handtera utan eigen koordinator. Historiane om dei som tidlegare fekk hjelp til å få god rehabilitering, til å handtera psykiske utfordringar hjå kreftsjuk og i familien, til å komma raskare tilbake i jobb er mange frå perioden med kreftkoordinator i kommunen vår.

Kor mange slike historiar som aldri har skjedd dei siste åra, er ukjent.

Det er interessant å følgja med på korleis dei blå partia den eine dagen meiner at staten skal ta meir ansvar for ei stilling som kreftkoordinator, medan statleg styring av til dømes arealpolitikk er eit stort problem.

Når ein ikkje finn pengar til gode tiltak bør altså storting og regjering sjå til at ikkje bjørnafjordingane ikkje får eit dårlegare tilbod enn nesten alle andre i fylket vårt, men når same regjering og storting set mål for kor mykje natur vi skal bevara i landet vårt, skal ikkje nokon tvinga Bjørnafjorden til å bevara sin del?

Fleirtalet blant lokalpolitikarane i Bjørnafjorden, Høgre og Framstegspartiet, har bestemt at kommunen ikkje skal ha kreftkoordinator.

Dette har ditt parti, Thomas Nyløkken, gjort mot gode råd og andre forslag.

Heldigvis gjeld eit vedtak om nedlegging berre fram til neste vedtak om oppretting.

Gje oss gjerne eit fleirtal for kreftkoordinator i vår kommune ved neste høve, ikkje berre ord om at andre bør ta ansvar for å retta opp feila kommunens blå parti har gjort.

Torgeir Skjælaaen
Vararepresentant Bjørnafjorden kommunestyre for MDG

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?