Lokal | 16. aug. 2020

– Vi kunne sikkert ha skrive 20 parkeringsgebyr

Politiet slår varsamt ned på omfattande feilparkering på Halhjem.

Politiet er ofte på Halhjem for å kontrollera parkeringa ved ferjekaien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2020 07:34

Fredag skreiv politiet ut eitt gebyr for feilparkering ved Halhjem ferjekai, i går var dei utom ferjekaien igjen.

– Det var rundt 20 feilparkerte bilar i tilknyting til kaien. Fleire sto på graset ovanfor pizzakjøkenet på kaien, andre sto endå verre plassert, seier vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Politiet la lista for gebyr der bilar sperra for fotgjengarar og andre mjuke trafikantar.

– Det blei tre gebyr i går.

– Det er tydeleg eit stort kapasitetsproblem på kaien etter at det blei gratis for passasjerar å reisa med ferja. Tidlegare såg vi slik parkering berre éi helg i året, under Tysnesfest. No er det kvar helg.

– Har de vore i dialog med grunneigar, Statens vegvesen, om det gjentakande problemet?

– Nei, men eg vil foreslå for trafikkansvarleg kollega at han kontaktar dei. Eg vil tru det finst betre måtar å løysa dette på enn at vi stadig skal ut og skriva gebyr.

– Om det i det minste hadde vore sett opp nokre fysiske sperringar som hindrar tilkomst til fortau, så trur eg det ville blitt betre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.