Lokal | 16. sep. 2019

– Vi skal danna ein tøff, men konstruktiv opposisjon

Søviknes (Frp) og Bruarøy (H) håpa på ein runde til med KrF då BT-oppslaget kom.

– Vi skal danna ein tøff, men konstruktiv opposisjon
Terje Søviknes og Marie L. Bruarøy på veg til sitt faste leiarmøte på rådhuset måndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. sep. 2019 10:00

Etter valet førre måndag mista Frp og Høgre fleirtalet dei har hatt i Os sidan 1999. Det var likevel ulike alternativ som kunne gjort at dei kunne ha halde på posisjonen.

– Vi hadde samarbeid med Høgre og Senterpartiet som førsteval, men fekk aldri koma i samtalar med Senterpartiet. Møtet vi hadde med KrF var derimot veldig bra, fortel Terje Søviknes (Frp).

– Vi svarte godt på alt dei spurde om, og fekk ei 2+2+1-fordeling i alle utvala (noko som ville gjeve 5-4-fleirtal og auka makt til KrF i forhold til at dei berre har eitt mandat i kommunestyret).

Søviknes visste ikkje at han mista ordførarjobben før BT søndag kveld avslørte at fem andre parti hadde blitt einige.

• Les òg: Trine Lindborg blir ordførar

– Eg blei naturlegvis skuffa og overraska, eg hadde håpa på nytt møte med KrF.

Men etter møtet onsdag kveld høyrde dei ikkje meir.

• Les òg: Ein ufrivillig joker

Ein kamp om posisjonar

Høgre hadde fleire bein å stå på. Sjølv om dei har styrt med Frp i 20 år, og seier at dei har fått gjennomslag for politikken sin, var dei aktuele for både Ap og Sp.

– Vi var i samtalar med Sp og Ap, somhadde med seg KrF til sonderingssamtale, men blei ikkje einige, seier Marie Lunde Bruarøy (H).

– Kva sto det på?

– Både eg og Lindborg hadde krav om ordførarstolen. Det blei dessutan tydeleg at vi står for langt frå kvarandre politisk. Ap vil bruka meir av oppsparte midlar frå SIO-prosjektet både til investering og til varige driftsmidlar.

– Var krav om ordførarstolen òg del av forhandlingane med Frp og KrF?

– Vi i Høgre ønskte å få ordførarstolen, men der kunne vi nok blitt einige. No er eg skuffa over at det ikkje blei ein runde til med KrF.

Klar for meir lokalpolitikk?

Rolla Søviknes no får i Os blir mykje lik den han får i fylkestinget, i opposisjon mot dei raudgrøne.

– Kan vi venta at du stiller i lokalpolitikken på same måte som om du var i posisjon?

– Ja, eg trur ikkje dette vil påverka min innsats noko særleg. Eg har ein jobb å gjera som nestleiar i partiet, med å bygga organisasjon så vi får eit løft over heile landet til neste val. Men når eg gjer noko, så liker eg å gjera noko skikkeleg. I Bjørnafjorden kommune vil vi bli tøffe, men konstruktive som opposisjonsparti.

– Korleis trur du det vil bli for dei fem partia som no skal styra?

– Vi får ein tøffare økonomisk situasjon etter samanslåing med Fusa, å styra økonomien vil krevja stødig styring. Eg er spent på kva den nye posisjonen vil prioritera og nedprioritera, og kva løfte dei vil klara å innfri.

– Ap ville blant anna ta vekk alle midlane i Liv på Øyro-prosjektet. Kva som skjer vidare med alle dei gode prosjekta vi har planlagt i Os hamn blir spennande å sjå.

– Men partia som har vore i opposisjon har jo i stor grad vore einige i åra som har gått. Vil dei ikkje bli einige i tida som kjem, trur du?

– Det er ganske store forskjellar internt i desse fem partia, frå SV til KrF. Og det er noko heilt anna når du skal stå fullt og heilt til ansvar for det som blir vedtatt, enn når du berre stemmer imot noko du veit det likevel blir fleirtal for.

Søviknes og Bruarøy blir verande i rollene ut året. Bruarøy har sin eigen frisørsalong å driva, Søviknes har ikkje ofra nytt yrke ein kalori fram til no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.