Lokal | 29. sep. 2019

– Vi skal klara å rydda kysten fri for plast

To foredrag gav vgs-elevane innsikt og håp.

Kenneth Bruvik frå NJFF heldt foredrag for Os vgs. I bakgrunnen, Sveinung Toppe frå BOF. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. sep. 2019 07:14

Bildeserie:

Mette Nygård Havre gav nyttige råd til hybelkjøkkenet. (Foto: KVB)
Foredraga gjekk i tre rundar så alle elevane skulle få høyra. (Foto: KVB)
Mette Nygård Havre gav nyttige råd til hybelkjøkkenet. (Foto: KVB)
Foredraga gjekk i tre rundar så alle elevane skulle få høyra. (Foto: KVB)
1 av 2
Foredraga gjekk i tre rundar så alle elevane skulle få høyra. (Foto: KVB)
Mette Nygård Havre gav nyttige råd til hybelkjøkkenet. (Foto: KVB)

Denne veka har Os vidaregåande skule hatt si årlege miljøveke.

– Elevane har rydda plast i Ervikane og Moldafjøra, vore på bedriftsbesøk og laga kunst av plastsøppel, fortel miljøkoordinator ved skulen, Silje Samdal.

• Les òg: Fann mistenkeleg pakke under strandrydding

Tysdag var det foredrag om både plast langs kysten og reduksjon av matsvinn. Foredragshaldarar var Kenneth Bruvik frå Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Sveinung Toppe frå Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Mette Nygård Havre frå «Spis opp maten».

Verdas største bosshaug

Toppe og Bruvik fortalte om korleis Norskekysten, som grunna mange øyer og fjordar er over halvparten så lang som ekvator (!), er verdas største plastoppsamlar.

– De har sikkert sett skrekkbilde av plastavfall frå fattige land i Afrika og Asia, men dei kan ikkje måla seg med Noreg. Golfstraumen gjer at ingen kyst i verda har like mykje plastavfall som skjergarden vår. Det meste finn vi i sør- og vestvendte viker, sa Bruvik.

I fjor vann han Fiskeridirektoratets miljøpris, no deltar han i ein dokumentarfilm om plastavfall i sjøen som skal sendast på NRK.

– Vi har sjekka havbotnen fleire stadar i områda rundt her, stadar vi trudde var sårbare, utan å finna plast. Vi har opna fem døde kvalar, ingen av dei hadde plast i magen. Men «plastkvalen» var eit varsku frå djupet, vi har funne død, avmagra sel, drepen av veldig små betar med plast, og vi har funne død torsk med yoghurtbeger frå 70-talet i magen. Også dyr på land, frå reinsdyr og isbjørn til fuglar og padder er prega av plastavfall.

– Det er mykje vi enno ikkje veit, blant anna om mikroplast, men éin ting er sikkert; kvar minste bete med plast som blir rydda, ikkje minst frå fjørene våre, er viktig.

Med håp for framtida

– Eg er ikkje sint, eg er berre engasjert. Men eg er irritert på dykkar vegne for at de må veksa opp med vår generasjon sine gamle synder, sa Bruvik.

Den høgrøysta karen frå Fjell viste bilde etter bilde som illustrerte konsekvensen av plastavfall. Dei siste ti åra har det kome meir enn heile førre århundre. Så malte han bildet meir kvitt igjen.

– Mykje av avfallet vi ryddar er gamalt, og folk er veldig flinke til å rydda boss. Det krev ikkje så mykje heller, 4-5 venar ryddar ei lita fjøre på 20 minutt, og då er gjerne fleire tiår med plast vekke. Om 30 år kan vi har fjerna alt som har kome dei siste 70 åra.

– Men vi må sørgja for at det ikkje kjem påfyll! Det skjer mykje positivt, men dessverre har ikkje styresmakta i Noreg nokon plan. Plast er heller ikkje definert som miljøgift, firma og privatpersonar i heile verda kan mista og kasta tau, isopor og plast, til fare for sjøtransport og dyreliv, utan å frykta nokon konsekvens.

Internasjonal framgang

Om du trur at vår innsats i vesle Noreg har lite å seia, så har Bruvik godt nytt til deg; ikkje berre held vi på å rydda den største plastoppsamlaren (Norskekysten), vi byrjar å bli eit forbilde med effekt.

– I Noreg kjem 87 prosent av plastflaskene i retur i form av plast. Vi kan bli bedre, men vi er i verdstoppen, og det byrjar å smitta. Frå desember byrjar Storbritannia med pant, mengda plastflasker som kjem over Nordsjøen til kysten vår vil bli kraftig redusert!

• Les òg: Verda bruker 20.000 plastflasker i sekundet (infinitummovement.no) 

Det er heller ikkje berre i vestlege land det skjer noko.

– Fleire nasjonar jobbar med ulike tiltak for å få redusert mengda plastavfall. Det er land i Afrika der du kan byta tomflasker inn i togbillett, og stadar i India der du kan veksla plast inn i poteter.

– Resirkulering er viktig, og vi må i framtid abli endå flinkare til å gjera den lønsam.

Minikurs i matredding

Mette Nygård Havre gjekk frå jobben som kommunikasjonssjef i Bir til å starta bloggen «Spis opp maten» og å reisa rundt i Noreg for å halda foredrag om matsvinn og unødvendig avfall.

– I 1960 kasta kvar person 47 kilo avfall, i 2018 kasta vi 417 kilo per person. Mykje av dette var plast, men mykje av det var òg spisbar mat!

– Ein tredel av CO2-utsleppa våre kjem frå matproduksjon. Når vi veit at 25 prosent av maten vi kjøper blir kasta, har det fleire positive ringverknadar om vi byrjar å eta opp alt vi kjøper, eller å ikkje kjøpa det vi ikkje spiser.

Ved sidan av å visa den store samanhengen, gav ho elevane gode råd til eit billigare og meir miljøvenleg liv, anten dei bur på hybel eller heime hos mor og far.

– Sjå etter varer som snart går ut på dato, som ligg til svært rabatert pris. Kjøp dei single bananene i disken. Vi kastar altfor mykje brød og bananer!

– «Best før» betyr ikkje at du ikkje kan eta maten etter denne datoen. Ta ein restedag i veka, der du finn dei eldste varene i kjøleskapet og set saman nokre kreative rettar.

Ho har sjølv fleire eksempel på oppskrifter på eigen blogg, for eksempel muffins av spagettirestar (!).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.