Lokal | 27. jan. 2019

– Vi skal la dei unge få skina i kveld

Os Musikkforening gav solistoppdraga til dei yngste under kveldens konsert. Dei svara med å gje publikum hakeslepp.

– Vi skal la dei unge få skina i kveld
Os Musikkforening og dirigent Magnus Brandseth sigra i Tunet i kveld. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 27. jan. 2019 20:01

Bildeserie:

KOS - Krohnengen All Stars var invitert til å opna nyttårskonserten. (Foto: KOG)
KOS - Krohnengen All Stars var invitert til å opna nyttårskonserten. (Foto: KOG)
Regine Hatvik (t.v) og Kamilla Bentzen sat lista med glitrende klarinett-spel.  (Foto: KOG)
Regine Hatvik (t.v) og Kamilla Bentzen sat lista med glitrende klarinett-spel. (Foto: KOG)
Thomas Hjertaker heidra norsk folkemusikk på obo.  (Foto: KOG)
Thomas Hjertaker heidra norsk folkemusikk på obo. (Foto: KOG)
Dette er kva Emma Bahus Heimtoft fekk utdelt rett før jul.  (Foto: KOG)
Dette er kva Emma Bahus Heimtoft fekk utdelt rett før jul. (Foto: KOG)
Ho løyste oppgåva med glans under kveldens konsert.  (Foto: KOG)
Ho løyste oppgåva med glans under kveldens konsert. (Foto: KOG)
Showpiece på 3 x trompet. Frå venstre: Ragnhild Kristine Midtbø, Åshild Underhaug Berle og Vibeke Nordtveit.  (Foto: KOG)
Showpiece på 3 x trompet. Frå venstre: Ragnhild Kristine Midtbø, Åshild Underhaug Berle og Vibeke Nordtveit. (Foto: KOG)
1 av 6

Sjølv om det kanskje ikkje var heilt heldig for Os Musikkforening at handball-herrane kom seg til VM-finale, var det likevel nokon som valde nyttårkonsert i Tunet i kveld.

Om korpset sitt publikum er under snittet interessert i handball er uvisst, men det var heller lite smugtitting på mobilar å spora under konserten. For dei som valde konsert, var det i alle høve ein siger dei fekk vera med på.

Til Os med KOS

Krohnengen Old Stars, eller KOS som dei helst går under, fekk æra av å starta konserten.

Brassbandet består av tidlegare medlemmer og andre med hjarte for Krohnengen Brass Band. Dirigent Øyvind Raknes Nikolaisen leia gjestane gjennom NM-stykket som dei i desse dagar førebur seg på å framføra under NM i Grieghallen i april.

Velspelt ungdom

Så var det tid for dei unge.

Først ut var Regine Hatvik og Kamilla Bentzen på klarinett. Backa av ein musikkforening som osar speleglede og profesjonalitet, byrja ungdomen å skina.

Thomas Hjertaker på obo heidra norsk folkemusikk på elegant vis, og trompet-trioen Ragnhild Kristine Midtbø, Vibeke Nordtveit og Åshild Underhaug Berle synte samspel av høg karakter.

– No er eg berre veldig fornøyd

Ei som hausta ekstra applaus under kveldens konsert var trombonist, Emma Bahus Heimtoft.

I eit stykke kor Heimtoft i takt etter takt eigde rommet, heilt åleine, er det ekstra imponerande å veta at ho fekk notane rett før jul.

Den 17 år gamle solisten fortel at ho sjølv tykkjer det heile gjekk bra;

– No er er eg berre veldig fornøyd, og under stykket fokuserte eg berre på å spela fint for publikum.

Ein av fleire som har lete seg imponera av Heimtoft sin innsats, er musikkforening-veteran, og perkusjonist, Rune Herheim;

– Det har vore så kjekt å sjå korleis Emma har blomstra dei siste vekene. Ho har verkeleg vekse som musikar, og det er utruleg kjekt ho nå ho svarar på utfordringa med å levera slik ho gjorde i kveld.

Os Musikkforening vart dirigert av Magnus Brandseth - i kveld så energisk at notane til 1. fløytisten undervegs vart dirigert av notestativet hennar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.