Kultur | 21. mars 2012

– Vi vann!

Ordføraren jublar: Oseana er kåra til årets bygg i Noreg. Arkitektur, realiseringstempoet og prisen er blant det juryen la vekt på.

– Vi vann!
Os kommune har med Oseana vunne nok ein pris. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. mars 2012 20:49

Onsdag kveld, på ByggeGallaen på Oslo Plaza under Byggedagene, blei årets bygg kåra.

Oseana var blant dei tre nominerte og klokka 21.45 fekk vi gladmeldinga frå ordførar Terje Søviknes:

– Vi vann! stadfestar Søviknes per sms til Midtsiden.

Oseana konkurrerte mot NVE-bygget i Oslo og Aibel-bygget i Asker om den gjeve prisen.

– Juryen blei forelska!

Juryen som har kåra Oseana til vinnar har hatt rundt 150 innsendte forslag å velja mellom.

– Vi fekk presentera bygget for dei og juryen fortel i etterkant at dei blei oppriktig glad i både bygget og engasjementet rundt Oseana, fortel Terje per telefon frå Plaza.

Juryen la også vekt på følgjande faktorar:

• Effektiv prosess, under fem år frå "vill idé" til ferdig bygg.
• Tidleg brukarmedverknad.
• Arkitekturen.
• Energiløysingane.
• Prisen - og kvaliteten i forhold til prisen.

– Oseana har rett og slett fått fantastisk omale her borte, strålar Terje.

Eit vestlandsprosjekt

Søviknes er i Oslo saman med direktør Kim Kristoffersen, arkitekt Andreas Grieg, osing og representant for Valde Entreprenør, Trond Lunde og Terje Gilje frå Vestafjell.

– Vi synes det er ekstra stas at Oseana er bygd av, i stor grad, mellomstore, men solide firma frå Vestlandet, seier ordføraren.

– Vi har blant anna danka ut Skanska når vi no har vunne prisen.

Han legg til at han gjerne skulle hatt fleire med seg til Oslo.

– Dette er ein siger for alle som har vore involvert, vi skulle gjerne hatt endå fleire med på denne gallaen. Eg tenkjer også spesielt på Geir Kragseth på ein kveld som denne. Kragseth var blant anna den som fekk oss inn på sporet av dei framtidsretta energiløysingane, seier Kragseth, som dessverre gjekk bort før Oseana sto ferdig.

Dette er ikkje den første prisen Os kommune får for Oseana. I november blei Oseana, under ZERO-konferansen, kåra til årets klimatiltak.

Klar for mimrestund? Les artiklane våre frå opningsveka: Midtsiden samleside: Oseana

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.