– Vi var ved Gibraltar då eigaren skifta meining
Superyachten «Sea Eagle» mellomlandar i Os før cruise i Hardangerfjorden.


Bildeserie:
The Tall Ships Races har prega Bergen sidan søndag. Mens dei gamle skutene i dag segla mot Danmark kom ein annan flott, men noko nyare seglyacht inn til Os hamn.
– Vi var ved Gibraltar på veg til Palma då eigaren ombestemte seg og ville til Noreg, fortel Oli.
Han er ein av dei sju om bord i SY «Sea Eagle», alle innleigde, profesjonelle. Eigar kjem til Noreg seinare.
– Turen starta i Karibia. Eg mønstra på i Mauritius for sju månadar sidan. Livet om bord er fint, og det er kjekt å sjå verda på denne måten.
Dei siste to vekene har «Sea Eagle» lagt i Bergen. No skal turen vidare inn Hardangerfjorden.
9 meter høgare enn Statsraad Lehmkuhl
På veg til Os måtte dei gå om Fedje, med 57 meter høg mast kom den ikkje under Sotrabrua (seglingshøgde 50 meter).
Til samanlikning er Statsraad Lehmkuhl 84,6 meter lang og 48 meter høg.
Sea Eagle er 43 meter lang og 9 meter brei. Den blei bygd av Royal Huisman i Nederland og sto ferdig i 2015. Båten er registrert på Cayman Islands.
På SuperyachtTimes.com kan du lesa meir og sjå bilde av interiøret.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.