Næringsliv | 25. apr. 2016

– Vi vil forhandla lokalt

Både Bjørnefjorden Gjestetun og Solstrand Hotel & Bad er råka av streik.

– Vi vil forhandla lokalt
Hovudtillitsvald Jelena Markhus (t.h) og Wenche Norheim sat måndag morgon streikevakt utanfor Bjørnefjorden Gjestetun (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 25. apr. 2016 08:32

Søndag morgon klokka 8 gjekk nær 3500 medlemmar i Fellesforbundet ut i streik i hotell- og restaurantbransjen. Då hadde partane forhandla fleire timar på overtid, men ikkje lukkast i å kome fram til til ein avtale.

I Os er begge hotella teke ut i streik. Ved Bjørnefjorden Gjestetun gjeld dette 10 av dei tilsette, på Solstrand Hotel og Bad er 28 medlemmar av Fellesforbundet no ute i streik.

– Hovudkravet vårt er at vi skal få reelle lokale forhandlingar, både dette og dei andre krava har NHO sagt nei til, fortel Jelena Markhus, hovudtillitsvald ved Bjørnefjorden Gjestetun.

Betre lokalt enn sentralt

Markhus fortel at hotell- og restaurantbransjen er eit lavtlønnsyrke, kor om lag 70 % av dei tilsette har minste tariff.

– Eg kan ikkje skjønna kvifor NHO ikkje går med på at vi skal få lokale forhandlingar. Det må jo vera mykje betre at vi kan forhandla ut frå lokale tilhøve og korleis bedrifta går enn at det skal gjerast sentralt. Det er ikkje gitt at mindre verksemder kan følgja dei sentrale forhandlingane om desse tek større hopp.

Temaet var òg del av forhandlingane i fjor, men då blei partane einige om at dei trengde meir tid på å sjå på korleis lokale forhandlingar kunne løysast.

– Det var på nippet til streik også i fjor, men då sa Fellesforbundet ja til at ein skulle nytta eitt år på å sjå på løysingar. Etter det har ikkje NHO vist noko vilje til å kome oss i møte, forklarar Markhus.

Vil kvitta seg med dei useriøse

Av dei andre sakane som har lagt på forhandlingsbordet er at ein skal kunna tena opp pensjon frå første krone. I dag får ikkje dei som jobbar 20 % eller mindre denne moglegheiten.

Fellesforbundet har òg krevd ei allmenngjering av minstesatsar i riksavtalen, slik at alle i bransjen får ei lovfesta minimumsløn.

– Vi ønskjer å bli kvitt dei useriøse aktørane i bransjen, spesielt gjeld dette blant restaurantane, kor mange jobbar for mindre enn minstetariff.

Imponert over eigarane

Markhus fortel om støtte og klapp på skuldra frå gjestar som søndag var i konfirmasjonar på gjestetunet.

– Det er veldig spesielt og veldig trist å vera ute i streik, men no var det nok. Her på gjestetunet er vi som ein familie, både tilsette og eigarar.

– Det blei ein hektisk søndag i går, med tre konfirmasjonar på same tid – med halvert bemanning. Eg må få seia at eg blei imponert då eg såg korleis heile familien Bjørke stilte opp her i går og rydda rom og hjelpte til. Som eigarar kan dei gjera det uten at det er streikebryteri. Det var fantastisk å sjå, seier Markhus.

Kan bli langvarig

Fellesforbundet er førebudd på ein langvarig streik.

– Streikekassen er stor nok til at vi kan helde på lenge. Vi er førebudd på å streika så lenge vi må. Vilja er veldig sterk over heile Noreg. Ballen ligg no hos NHO, så får vi håpa at dei kjem på banen igjen, og at det ikkje blir så lange, avsluttar hovudtillitsvald Jelena Markhus.

Ønskjer ikkje å kommentera

Fungerande dagleg leiar ved Bjørnefjorden Gjestetun, Bertel Humlen, er ordknapp om streiken.

– Eg ser ingen grunn til å snakka med Midtsiden om dette. Det er den kommentaren du får frå meg, sa Humlen då vi var innom gjestetunet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.