Vidar Mjånes med den nyerverva europeiske lisensen. (Foto: Privat/Frank Baggen)

Vidar Mjånes fekk europeisk dommarlisens

Karate: I haust tok han sølv i Wado-VM, i helga gjekk han gjennom eit kanskje smalare nålauge.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag 15. februar er det 35 år sidan Os Karateklubb blei stifta. Vidar Mjånes trente karate med osingar som var medlem av Mihajlo Misic sin klubb i Bergen allereie før klubben på Os var stifta, og markerte seg tidleg med skarpe teknikkar og ein unik eksplosivitet.

• Les òg: Svart belte etter 26 år

Som utøvar har han tatt fleire internasjonale medaljar, som bronse i kamp i VM i stilarten Wado i 2013, og sølv i stilart-VM i kata hausten 2017.

No har Mjånes hovudfokus på dømming, og før junior-EM (allstyle) i russiske Sotchi i helga var han gjennom tre dagar med teoretisk og praktisk eksamen.

Blei kvalifisert - fekk dømma i EM dagen etter

– Eksamen er omfattande og krevjande. Det er rom for få feil, så eg var veldig glad då eg torsdag kveld fekk den europeiske lisensen, seier Vidar til Midtsiden.

Fredag til søndag dømte han i junior-EM, som hadde over tusen deltakarar. Noreg tok éin medalje, Ismail Bellemkhannate frå klubben Mizuchi i Oslo vann bronse i kamp i U21 +84 kg.

Når du kan stryka på feil stilkarakter 

Vidar, som sjølv har 4. svarte belte, har vore karatedommar i rundt ti år. Etter dei første dommarkursa har han utvida til lisens for toppkampar på nasjonalt nivå, i fjor tok han nordisk lisens, som gjer han kvalifisert til å dømme i 8 ulike land.

I førre veke, og i helga, var han i Sotchi, både for å ta europeisk lisens og for å dømma i junior-EM, om han kvalifiserte seg.

– Som del av eksamen innan kata fekk vi sjå 10 kampar (1 mot 1 kata vurdert mot kvarandre), med video frå arkiv.

– Her var gjerne ein kata frå ein meisterskap for 4 år sidan sett opp mot ein kata for 1 år sidan. Vi skulle både bestemma vinnar og sjå etter feil, altså om éin eller begge skulle diskvalifiserast. Hadde du meir enn éin feil så strauk du på eksamen.

1 av 2 på første forsøk

Mjånes fekk lisens som europeisk dommar innan kata, men ikkje kamp.

– Eg følte sjølv at det gjekk bra på begge, både kata (mønster) og kumite (kamp), men eg vil ikkje klaga. Mange stryker nokre gongar før dei får lisens, og bruker mykje tid og pengar på å reisa for å prøva å kvalifisera seg. Eg klarte 1 av 2 på første forsøk.

Os Karateklubb har to medlemmar som satsar på dommarkarriere, Vidar Mjånes og Tor-André Aspenes.

– Det å få vera involvert i avvikling av konkurransar og meisterskap er blant det som gjer at eg, etter å ha trappa ned som utøvar, liker å dømma. I tillegg er det veldig godt miljø blant den norske dommarstanden, og no kan det òg bli nokre turar utanlands.

Hovudtrenar i WIKF Norge, og treningskamerat med Mjånes sidan starten på 80-talet, Cato Bruarøy er svært nøgd med prestasjonen.

– Det er berre nokre få i Noreg som har fått denne typen lisens. Vi i klubben, og organisasjonen, er stolte av prestasjonen!

Arrangerer NM for første gong

I november 2015 arrangerte Os Karateklubb NM for lag i Oshallen.

I mars i år er det NM individuelt, i Haukelandshallen, for første gong med Os som arrangør.

Fleire saker