Os tok i går imot Vard Haugesund, som rykte ned frå Adeccoligaen i fjor, til første NM-runde.
Os - Vard Haugesund 1-2 (1-1)
Målskårar, Os: Erik Kanestrøm (37.)
Gjestane var sterke og tok leiinga, men heimelaget viste seg fram, utlikna og skapte eit oppgjer rik på tempo og sjansar.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKEL
– Eg synest vi gjorde ein veldig god kamp, spesielt defensivt. Dette var fleire hakk opp frå 2. omgang i serieopninga mot Varegg, seier gårsdagens målskårar og fjorårets toppskårar for Os, Erik Kanestrøm.
Varegg spelte 2-3 mot Brann i NM-kampen i går, og tapte 1-2 for Os på måndag.
– Samtidig er det litt bittert å ikkje vinna når vi heilt klart skaper flest og størst sjansar. Mats Cato hadde skot i tverrliggar, Stian heada i tverrliggar og returen gjekk i kneet til Børge, i stolpe og ut.
– Vi var heldige
Vard-trenar, den tidlegare danske landslagsspelaren Flemming Christensen, er einige i at Vard var heldige.
– Os var godt organisert og veldig fysisk sterke. Dei var farlege på overgangar og vi var heldige som vann i går, seier Christensen til Midtsiden.
Avgjort på feildømt straffe
Kampen mot Vard blei avgjort på straffe i 77. minutt. Fleire i Os-leiren lurte i etterkant på om straffen var feildømt.
På videoen ser vi tydeleg at Vard sin høgrekant ramlar i det han passerer Os sin raske venstreback, Glenn Krossøy.
Unge Krossøy, som var vekke store delar av fjorårssesongen med kyssesjuke, imponerte saman med unge Ørjan Glesnes på høgre kant, i 90 minutt.
Og Krossøy var ikkje borti beina til Vard-spelaren. Men dette var nok vanskeleg for dommaren å sjå.
Frode Øvredal, som sto ein god kamp i mål, satsa til éi side mens straffen blei trilla inn mot motsett stolpe.
Vard Haugesund gjekk opp i 1-2 i 77. minutt og Os klarte ikkje å utlikna.
VIDEO: Sjå drygt 5 minutt av gårsdagens NM-runde på Kuventræ. (Foto: KVB)