Lokal | 26. aug. 2018

Video og vinnarliste: Redd Barna Cup 2018

Fleire av deltakarane spelte sin første fotballkamp på cup i Øyane i går.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. aug. 2018 08:03

Laurdag blei Redd Barna Cup arrangert for sjette år på rad. Det meste går på skjener for arrangementet som Redd Barna-fan Tommy Aasen tok initiativ til i 2013.

– Teknisk gjennomføring har vi kontroll på, men for mange av dei frivillige er det litt av ein kabal, seier Aasen.

• Video og bildeserie: Første Redd Barna Cup blei folkefest (2013)

– Fleire av dei som ønskjer å hjelpa til vil òg delta. I tillegg har dei eigne ungar som skal spela. Vi får det alltid til, men det er litt å koordinera før og under cupen.

7-8 frivillige står ekstra på dagane før cupstart, på sjølve cupen er det rundt 35 i sving.

– Vi har alltid hatt fint vêr. I år såg det lenge mørkt ut, men det blei begge delar; periodar med sol og nokre gode byger. Folk stilte opp likevel, og er trur det blei ein fin dag for alle.

42 lag i fotball- og sandvolleyball

Tommy er ikkje åleine, verken som nykonfirmert i 2013 eller i 2018. Eirik André Hesthamar frå il Øyglimt fortel om brei støtte i heimkrinsen.

– I barneklassane har vi ikkje ordinær påmelding, men inviterer lag frå naboklubbane sånn at vi får passeleg mengde per klasse. I klassane for vaksne kunne vi av og til hatt plass til fleire, der er det litt spennande kven som orkar å tromma saman eit lag, fortel Eirik André.

I år var det 30 barnelag og 12 vaksenlag til saman, fordelt på fotball og sandvolleyball.

– Vi har fått nokre spørsmål om ikkje vi kan utvida med fleire barnelag. Det er mogleg vi klarer å utvida kapasiteten neste år.

Debutantar og vinnarar

Dei yngste deltakarane er seks år, og har gåt på skule i berre ei dryg veke.

– Mange av deltakarane spelte sin første fotballkamp. Vi fekk fleire tilbakemeldingar på at trenarar og foreldre synest Redd Barna Cup var ein fin plass å debutera.

I klassane for vaksne blei det kåra vinnarar:

Fotball, herrar: Øyglimt Oldboys
Fotball, damer: FC Underdogs
Sandvolleyball, herrar: Puseguttene (for fjerde år på rad)
Sandvolleyball, damer: Dreamteam

I tillegg blei det delt ut ein Fair Play-pris. Denne gjekk til Søre Neset Stjernelag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.