Kultur | 20. mai 2011

Vikjo blir vakker!

StorBergen med 3 mill. til Os: Kulturskulen og Oseana deler 1,5 mill, resten går til oppussing av Mobergsvikjo.

Vikjo blir vakker!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. mai 2011 22:14

Ordførar Terje Søviknes tok saman med kultursjef Lisbeth Axelsen og to elevar frå Os kulturskule imot følgjet frå Storbergen Boligbyggelag på Oseana fredag.

Direktør Anne Gine Hestetun og informasjonssjef Espen Børhaug fekk ei omvising i det nesten ferdige kulturhuset. Turen stoppa i eit av klasseromma som svever over foajeen.

Rommet skal husa elevar i kulturskulen, ein skule som førebels ikkje tilbyr undervising i visuell kunst.

– Eg har forstått det sånn at Os kulturskule er flinke på song, musikk og dans, på all scenekunst, men manglar tilbod innan form og farge. Eg har sjølv gått på kulturskule i Lærdal og veit kor viktig slike tilbod er for ei bygd, sa Hestetun.

Så delte ho ut 3 millioner kroner til Os:
• Os kulturskule får 500.000 kroner til etablering av nytt tilbod
• Oseana får 1 million til bygget
• Vikjo: 1,5 million er øyremerkt opprusting av Mobergsvikjo

– Med Os Sjøfront og komande utbygging på Bjånes har Os blitt eit stort satsingsområde for StorBergen, vi kjem til å vera i bygda i mange år framover, derfor var det naturleg å koma her når så mykje pengar skulle delast ut.

Pengane blir gjeven frå StorBergen, Os Sjøfront-partnar Profier, og StorBergen sin samarbeidspartnar på Bjånes, LieGruppen.

– Korleis skal pengane brukast i Vikjo?

– Vi vil gjera Mobergsvikjo tilgjengeleg for alle, også rørslehemma. Det vil koma mur, treverk, plattingar og grillplass, seier Espen
Børhaug.

Det skal vera sett av rikeleg med pengar. Det som eventuelt blir igjen når fjøra er rusta opp går til Oseana.

– Vi har tett dialog med Bergen og omland Friluftsråd og har sett ned ei eigen arbeidsgruppe. Skisser har vi også, dei skal de få sjå etterkvart.

Arbeidet skal starta i sommar og vera ferdig til jonsok 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.