Lokal | 22. nov. 2012

– Viktig for folkehelsa

Kommunen deler ut gratis broddar og strøsand til eldre. – Det er små, men viktige tiltak for folkehelsa, meiner kommunalsjefen.

– Viktig for folkehelsa
Aina Haugland og dei andre tilsette på Kommunetorget delar ut gratis brodder til eldre i kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 22. nov. 2012 15:08

Teknisk drift i Os kommune gjekk tidlegare i månaden ut med tilbodet til alle eldre i kommunen at ein kan få eit par gratis broddar (sklisålar) om ein kontaktar kommunetorget.

- Det har vore mange innom for å få seg eit par, fortel Aina Haugland, leiar for kommunetorget.

- Fleire har mest ikkje trudd at dei skal få broddane gratis.

Også strøsand

Denne veka gjekk frivilligsentralen, tryggleikssjukepleiar, teknisk eining, Os Rotary Klubb og Lions Club Os ut med tilbodet om ei bøtte med gratis tilkøyrd strøsand levert på døra til personar over 70 år i kommunen.

- Det at teknisk drift og dei andre går ut med desse tilboda er viktig i eit folkehelseperspektiv, meinte kommunalsjef Nils-Petter Borge då han orienterte om samhandlingsreforma i tenesteutvalet tysdag.

Frivilljuge og folkehelsekoordinator

Ein viktig del av samhandlingsreforma går nettopp på folkehelsearbeid.

- Det å investera relativt små summer i tiltak som dette, kan gje store gevinstar.

- Ikkje berre økonomisk, men minst like mykje i livsglede og sparte lidingar om ein tildømes hindrar eit lårhalsbrudd med slike enkle tiltak, forklarte Borge.

Borge redegjorde for at pleie- og omsorgssektoren driv i balanse og at om dei finn midlar til det neste år kunne ønskje seg ei stilling som folkehelsekoordinator.

- Det blir gjort mykje godt arbeid rundt omkring, ikkje minst på frivilligsentralen og blant dei frivillige laga.

- Eg trur vi kunne fått til enno meir, med relativt små midler om vi hadde hatt ein til å koordinera det heile.

- Det vi treng er å ha ein som kan dra dei store linjene. Dette arbeidet skjer like mykje på oppvekst- og kultureininga og teknisk eining som i pleie- og omsorgseininga. Stillinga er difor viktig for fleire enn berre oss, konkluderte Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.