Oppvekst | 18. juli 2026

Viktige datoar for deg som har søkt studieplass

No har alle fått svar på søknaden om studieplass. Men det er ikkje for seint å få studiedraumen oppfylt.

Viktige datoar for deg som har søkt studieplass
Gratulerer til alle som har fått studieplass, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Foto: HK-dir
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 18. juli 2026 09:07

150 000 søkjarar har no fått svar på søknaden til høgare utdanning gjennom Samordna opptak.

– Gratulerer til alle som har fått studieplass, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Han har ei klar oppmoding til alle som no har fått tilbod om studieplass eller ventelisteplass: Logg inn på Samordna opptak og svar innan fristen 24. juli.

– Å få studieplass er ein stor dag for kvar enkelt – og viktig for samfunnet. Me treng høgt utdanna arbeidskraft framover, seier Skule.

Framleis mogleg å søkja studieplass

Det er ikkje for seint å få studiedraumen oppfylt.

Ledige studieplassar blir lagde ut på Samordna opptak søndag 19. juli. Alle kan søkja på ledige studieplassar frå måndag 20. juli klokka 09.

– Her er det førstemann til mølla og løpande opptak. Så det lønner seg å vera tidleg ute, seier Skule.

Opptakstala kjem 23. juli

Sjølv om alle no har fått svar, veit vi enno ikkje kor mange av søkjarane som har kome inn på førstevalet sitt.

– Opptakstala for hovudopptaket offentleggjer me torsdag 23. juli klokka 11. Då blir det også klart kva studiar som har høgast poenggrense, og altså er vanskelegast å komma inn på, seier Sveinung Skule.

Viktige tidsfristar

Søndag 19. juli: Ledige studieplassar blir lagde ut kl 09.

Måndag 20. juli: Alle kan søkja på ledige studieplassar på samordnaopptak.no frå klokka 09. Det er løpande opptak.

Fredag 24. juli kl. 23:59: Frist for å svara på tilbod eller venteliste, i søkjarportalen på samordnaopptak.no. Om du ikkje svarer, mistar du tilbod og ventelisteplass.

Ca. torsdag 30. juli: Svar på suppleringsopptaket er klart. Til nokre studiar kan lærestadene etterfylla studieplassar frå rundt 5. august og utover.

Fakta

  • I år har over 150.000 søkt om studieplass ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak.
  • Det er lyst ut over 65.000 studieplassar fordelte på omkring 1 400 studiar.
  • 61,5 prosent kvinner og 38,5 prosent menn har søkt opptak til grunnstudium.
  • Opptakstala frå hovudopptaket blir publisert torsdag 23. juli klokka 11 på hkdir.no
  • Søkarar som står på venteliste eller som blir kvalifiserte etter hovudopptaket, kan få nytt svar i suppleringsopptaket. Det skjer rundt 30. juli.
  • Samordna opptak er ei teneste frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?