Lokal | 19. des. 2019

Vil busetja 80 flyktningar

Frp og Harald Lekven ville redusera, men fekk ikkje fleirtal.

Vil busetja 80 flyktningar
Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) i møtet tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. des. 2019 07:46

I kommunestyret tysdag blei sak om busetjing av flyktningar behandla.

Kvart år oppmodar Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) aktuelle kommunar om å busetja eit bestemt tal på flyktningar i påfølgjande år, på bakgrunn av nasjonale prognosar for behovet for busetjing.

Dei nyaste prognosane frå Beregningsgruppa for utlendingsforvaltninga viser at det er naudsynt å busetja om lag 5.100 flyktningar i Noreg i 2020, inkludert 140 einslege mindreårige, der 40 av desse er under 15 år.

• Sjå saksdokument på bjornafjordenkommune.no

• Sjå video av debatten på bjornefjorden.kommunetv.no

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak var å busetja 20 i året dei neste fire åra, totalt 80 frå 2020 til og med 2023, men at eventuell familieforeining skal vera inkludert i desse 80.

Varaordførar vs nesten-varaordførar

Saka var oppe i formannskapet 29. november. Då la Espen Aspenes (Frp) fram forslag om å redusera til 15 per år dei to første åra, for så å auka til 20, altså i alt 70 i løpet av to år. Forslaget blei nedstemt med 5 mot 4 stemmer (H, Ap, Sp, MDG og Krf mot Frp og Harald Lekven).

I kommunestyret la Terje Søviknes (Frp) fram same forslag.

Harald Lekven foreslo å redusera yttarlegare ned til null.

– Eg vil ikkje berre argumentera med økonomi, men det er andre kommunar som slit med negativ befolkningsutvikling som ber om å få busetja fleire. Då er det betre at dei tar imot enn oss, sa Lekven.

Lekven sin tidlegare partikollega Mikal Leigland (Sp), mannen som steppa inn som varaordførar då Lekven trekte seg, var langt meir innstilt på å busetja flyktningar.

– Er vi smålege no? Er vi ein kommune med 25.000 innbyggarar som ikkje kan ta imot 20 flykningar? I den vesle bygda eg bur i tok vi imot 23. Dei er 23 fantastiske medmenneske i bygda vår i dag.

– Om dette er så vanskeleg på Os-sida av fjorden, så skal vi med glede busetja alle på Fusa-sida, sa Leigland.

Ei krevjande gruppe

Asle Olsen (SV) vil halda familiegjenforeining utanom desse 80, altså i tillegg. Torgeir Skjælaaen (MDG) svarte Lekven og poengterte at statistikk viser at 80 prosent av flyktningane kjem i arbeid og blir skattebetalarar.

– Ifølgje Integrerings- og mangfaldsdirektoratet er det ei anna og meir krevjande gruppe det no er snakk om å ta imot, sa Lekven.

I sakspapira står det at erfaringa frå dei siste åra er at dei flykningane som skal busetjast krev meir av den kommunale tenesta enn tidlegare. Dei har gjerne større traumatiske opplevingar bak seg, og nærmast alle kjem direkte frå leir. Dette er med på å gjera utfordringane langt større, og reduserer sjansen for å få dei i jobb i løpet av integreringsperioden dei to første åra.

Det gjekk til votering:

SV sitt forslag om å lata familiegjenforeining koma i tillegg til dei 80 fekk 4 røyster (MDG og SV) og fell. Subsidiært støtta dei forslaget frå administrasjonen.

Frp sitt forslag om 70 flyktningar fekk 13 stemmer (12 Frp + Harald Lekven) og fell. Ap og Høgre sikra saman med Sp, KrF, MDG og SV fleirtal for å ta imot til saman inntil 80 flyktningar dei komande fire åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.