Vil bygga 15 klasserom på Lunde
Lunde barneskule er meir enn sprengd. Om kommunestyret vil, startar utbygging til våren med ferdigstillelse til skulestarten 2017.
Bildeserie:
Under formannskapet si budsjettkonferanse på Sandsli tysdag og onsdag denne veka presenterte kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye ståa i Os skulen. Ho kunne ikkje unngå å komma inn på Lunde barneskule.
– I 2010, då skulebruksplanen blei laga, slo ein fast at kapasiteten på Lunde barneskule var 165 elevar, men allereie i 2010 var det 205 elevar der. I dag har skulen 295 elevar.
– Skulen har slukt meir av elevveksten enn den har fått merksemd for og det hastar no å gjera noko, fortalde Rye.
To og tre paralleller
Rye fortalde at ein såg for seg to paralleller på 1. til 4. trinnet og tre paralleller på 5. til 7. trinnet.
– Ei fullt utbygd skule vil handtera dette, men då treng det fleire klasserom. Vi har som mål å få til ein byggestart våren 2016 slik at den kan stå ferdig til skulestart i 2017.
Vil bruka "Lysefjorden"-modellen
Prosjektsjef Tor Inge Døsen, som skal stå for den praktiske gjennomføringa i samarbeid med Rye fortalde seinare på konferansen korleis ein vil gjera det.
– Vi har jobba med prosjektet ei god stund og har vurdert ein fire fem forskjellige grep for å få skulen opp i den stand og i det volumet vi treng, fortalde Døsen.
Døsen presenterte deretter ei utbygging som kan takst trinnvis eller samla.
– Trinn 1a omfattar 9 klasserom, elevkantine og rom for lærarane. Trinn 1b er at vi byggjer ei fullt utbygd klasseromsfløy med plass til 15 klassar. Då får vi i tillegg dei spesialromma vi treng, forklarte Døsen, som skisserte at ein kunne ta dei i bruk på same måte som ein har gjort ved Lysekloster barneskule kor delar av skulen er ferdig bygd, men at den ikkje blir tatt i bruk før behovet er der.
Prislapp: 80 millionar
– Det første trinnet vil dekka primærbehovet. I budsjettframlegget på 80 millionar ligg begge trinna inne etter denne modellen.
– Første delen vil kosta omlag 59 millionar, 1b vil kosta rundt 20 millionar. Skal ein i tillegg innreia den ekstra biten må ein rekna 20 til.
– Vi tilrår at ein byggje begge trinna no for å møta veksten som kjem. Vi må ha ein distanse til dagens situasjon, gjer vi det ikkje kan vi fort komma på bakfoten igjen, forklarte Døsen.
– Det er synd at vi igjen har eit skuelprosjekt som hastar. Kva om vi ikkje byggjer 1b, vil det kosta oss mykje ekstra å gjera det i ettertid, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).
– Ikkje så veldig mykje, inntil 5 % ekstra kanskje, svara Døsen før Eirik André Hesthamar (Frp) ba om ordet.
– Eg er ikkje einig i premissane Nøttseter legg til grunn. Dette prosjektet kan ikkje samanliknast med Kuventræ, men syner at vi har dyktig folk som jobbar med prosjektet.
Vil flytta sandvolleyball-banen
Nybygget vil ein plassera mot nord i tilslutning til skulen i dag.
– Kva vil då skje med sandvolleyballbanen som ligg der og som er bygd på dugnad, undra Helge Steinum (Ap).
– Den vil vi flytta i hjørnet av skuleplassen før vi tek til med bygginga, forklarte Døsen og peika på området ved innkøyringa til skuleplassen
– I tillegg vil vi riva dei to løene som kommunen har kjøpt og etablera parkering for lærarane der.
– Vi må òg rehabilitera delar av den gamle skulen, men det kan vi gjera etter at det nye er bygd, svara Døsen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.